Farleg å rydde etter stormskade

Etter stormen Amy er det mange skader på hus, skog og straumlinjer. Rydding og reparering av slike skader kan vere svært farleg, og bør gjerast av dei som kan det.

Publisert 05.10.2025

Vindfelte tre med kanskje også velta rot kan vere ei farleg «felle» på grunn av store spenningar i stamma og rota. Dette er spesielt farleg ryddearbeid og bør ikkje gjerast utan erfaring og kunnskap.  For store skogskader er dette arbeid for profesjonelle skogsentreprenørar og aktørar. For enkeltvise velta tre i tettbygde strøk bør ein også be om hjelp frå folk med erfaring, kanskje også ta kontakt med eige forsikringsselskap for å høyre om slike naturskade er dekka av forsikringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.