Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete opna fagsamlinga Foto: Anne Eide / Statsforvaltaren i Vestland.

Deltakarar frå kommunane og fleire regionale aktørar i Vestland møttest nyleg til fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap. Vi såg tilbake på det vi har opplevd og lært gjennom fleire år med pandemi, og utfordringar vi har framfor oss.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.10.2022, Sist endret 07.10.2022

Dette var første gong det igjen var mogleg å samlast fysisk etter koronapandemien. Kommunedirektørar, beredskapskontaktar og kommuneoverlegar utgjorde ein stor del av dei over 100 deltakarane. 

Vedlagt ligg program og presentasjonar som vart vist på samlinga (blir oppdatert).

Erfaringar og læring frå pandemien

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete opna samlinga. Ho understreka at det viktigaste føremålet ikkje var å sjå bakover. Vi må likevel bruke litt tid på å sjå oss sjølv over skuldra, for å ta med oss det vi har lært i det vidare arbeidet. Ho peikte på at verda rundt oss har blitt meir uføreseieleg. Dei utfordringane vi no står oppe i gir god grunn til å halde fram den tette dialogen og gode samhandlinga vi hadde under pandemien.

Pandemihandtering i store linjer

Thomas Bekkenes
Bilete: statsforvaltar Bent Høie (foto: Thomas Bekkenes)

Statsforvaltar i Rogaland og tidlegare helse- og omsorgsminister Bent Høie innleidde om «Koronapandemien – handteringa i store linjer». Han framheva m.a. at når Noreg kom betre ut av pandemien enn andre land, skuldast det kvar enkelt som bidrog. Han oppmoda deltakarane om å ta det til seg. Kvardagen vart snudd på hovudet og samfunnet har lært mykje av pandemien ved å gjere ting på nye måtar, som t.d. å jobbe mykje meir digitalt.

Covid-19-pandemien synleggjorde at Noreg er eit lite land i ei globalisert verd, og at vi er avhengig av arbeidskraft og varer frå andre land. Det gjer oss sårbare at uansett kor streng kontroll vi innfører langs grensa, vil virus før eller sidan finne ein veg inn.

Høie peikte på at ei krise kan vare lenge og ikkje alltid kjem åleine. Kontinuitetsplanlegging er viktig for å kunne halde samfunnet og viktige tenester i gang. Pandemien viste òg kor viktig tillit er, både mellom folk i lokalsamfunna og til styresmaktene.

Med tanke på utfordringane helsetenestene vil møte i ei tryggleikspolitisk krise eller krig, sa Høie at det er svært utfordrande at Noreg er altfor avhengig av utanlandsk helsepersonell særleg i nord. I ein krisesituasjon kan det vere grunn til å frykte at mange av dei vil ønskje å reise heim igjen til der dei kjem frå.

Anne Eide
Bilete: fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, statsforvaltar Bent Høie og kommunoverlege Kristin Cotta Schønberg (Askøy kommune) i samtale. (Foto: Anne Eide)

Korleis nytte koronapandemien til læring og forbetring?

Sindre A. Haug
Bilete: Geir Sverre Braut (foto: Sindre A. Haug)

Professor Geir Sverre Braut, m.a. medlem i Koronakommisjonen, innleidde om korleis vi kan nytte koronapandemien til læring og forbetring. Vi trudde at vi var ganske førebudde på ein pandemi, men at det vart det tenkt eit influensavirus som vi forstod dynamikken i.

Koronakommisjonen gjorde ei undersøking, ikkje evaluering eller gransking. Ein observasjon er at der det internt, lokalt og regionalt var eit felles risikobilde, fungerte ting betre. Braut skulle ønskje at risikobilda vert skapt nedanfrå og opp. Han meinte at ein må gjere noko med truslar/scenario med lågt sannsyn, og at kontinuitetsplanlegging må få ein tydelegare plass i beredskapsarbeidet. Han peikte òg på kor viktig det er å snakke saman, øve og kanskje handtere mindre kriser saman for å kunne kjenne seg trygg på dei ein skal samarbeide med.

Evaluering og funn i Vestland

Thomas Bekkenes
Bilete: Mari Severinsen (foto: Thomas Bekkenes)

Mari Severinsen frå Statsforvaltaren orienterte om nokre av hovudfunna i evalueringa av pandemien i Vestland, m.a. på erfaringar frå smitteutbrot, nasjonale og lokale tiltak og oppfølging av sårbare grupper. Kommunane, helseføretaka og andre aktørar var løysingsorienterte og hadde stor vilje til å samarbeide. Ho viste særleg til læringspunkt knytt til samhandling og samvirke, krisekommunikasjon og funksjonane som kommuneoverlege og smittevernlege.

Samarbeid og samvirke i helsesektoren

Fylkeslege Sjur Lehmann var i si innleiing om samarbeid og samvirke i helsesektoren, opptatt av at samordning er viktig for gjensidig støtte, kunnskapsoverføring, samordning av informasjon og regelverksavklaringar. Om vegen vidare spurde han om helsefellesskap, tilsyn, øvingar, eller alt, er svaret.

Randi Luise Møgster, viseadministrerande direktør i Helse Bergen, snakka om korleis helseføretaket organiserte seg og samhandla med kommunane gjennom pandemien. Møgster understreka dei fire beredskapsprinsippa, for Helse Bergen var dei viktige for val av organisering av beredskapsarbeidet heilt ned i organisasjonen. Ansvarsprinsippet låg til grunn for utviding av beredskapsleiinga med viktige fagfolk, likskapsprinsippet for å halde på styringslinjer, nærleiksprinsippet for å løyse ting på lågast mogleg nivå, og på same tid var det viktig å dyrke samvirkeprinsippet på alle nivå.

Beredskapssjef Terje Olav Øen i Helse Førde sa at ein viktig del av samhandlinga var å etablere taktisk samhandlingsgruppe. Den inkluderte m.a. seks kommuneoverlegar. Etter ei tid vart det og etablert ei operativ samhandlingsgruppe på rådmannsnivå. Øen viste òg til at helseføretaka støtta kvarandre på tvers, m.a. med smittevernutstyr i starten av pandemien.

Første dag av samlinga vart avslutta med paneldiskusjon med temaet «kva no; beredskapsplanlegging etter pandemien».

Thomas Bekkenes
Bilettekst: f.v. fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, fylkeslege Sjur Lehmann, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (Bømlo kommune), kommuneoverlege Leiv Erik Husabø (Sogndal kommune), viseadminstrerande direktør Randi-Luise Møgster (Helse Bergen), Geir Sverre Braut og beredskapssjef Terje Olav Øen (Helse Førde).

Totalforsvaret – sivil-militært samarbeid

Liv Signe Navarsete er medlem i Forsvarskommisjonen. Ho starta andre dag av samlinga med å snakke om utviklinga av totalforsvaret og kva det betyr for kommunane. Eit sentralt spørsmål er korleis Forsvaret skal bidra til sivilsamfunnet og omvendt? Ved kriser må vi i eit lite land spele på alle dei ressursane vi har. Sabotasjehandlingane mot gassrøyrleidningane i Østersjøen aktualiserer dette på nye måtar. Navarsete stilte spørsmål om vi er godt nok sikra som samfunn og på individnivå, og peikte m.a. på kor sårbart det moderne samfunnet er for cyberangrep.

Helsetenester i kriser og krig

Anne Eide
Bilete: Spesialrådgjevar Jan Sommerfelt-Pettersen i Helse Bergen (foto: Anne Eide)

Jan Sommerfelt-Pettersen, spesialrådgjevar i Helse Bergen, og fylkeslege Sjur Lehmann innleidde om temaet «Helsetenester i kriser og krig». Sommerfelt-Pettersen sa at vi er betre rusta til å handtere krig og kriser enn dei fleste land, men at vi må verte betre øvd/førebudd. Vi har eitt helsevesen, som skal dekke behovet til både det sivile samfunnet, det nasjonale Forsvaret og våre allierte. Det trengs felles avtalar for korleis vi skal handtere behovet til Totalforsvaret i krig og kriser. Samvirke krev felles forståing, men det er i dag utfordringar knytt til det å kunne snakke saman på gradert nivå.

Sjur Lehmann sa at vi må ha ei felles forståing av utfordringane med krig, på same måte som vi har det for sjukdom og død. Prioriteringsdilemma er lite diskutert i sentrale dokument. Det er ikkje omtalt lokalt, og krig ikkje er omtalt i kommunale beredskapsplanar. Synet på trongen for behandling kan vere ulike frå høvesvis sivil og militær ståstad. Helsetenestene vil alltid vere oppteken av pasienten, medan forsvaret vil vere oppteken av stridsevne.

Ein paneldiskusjon med tema «Korleis dele på dei få ressursane vi har», runda av programmet knytt til totalforsvaret.

Thomas Bekkenes
Bilettekst: f.v. fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, kommunedirektør Ole Jørgen Johndal (Ullensvang kommune), distriktssjef Johnny Aslaksen (Hordaland sivilforsvarsdistrikt), Jan Sommerfelt-Pettersen (Helse Bergen), kommuneoverlege Trond Egil Hansen (Bergen kommune), statsforvaltar Liv Signe Navarsete og distriktssjef Christoffer T. Knutsen (HV-09).

Haavard Stensvand spurde m.a. om kva forventningar kommunane har til staten, for å kunne jobbe med utvikling av Totalforsvaret på lokalt nivå. Kommunedirektør i Ullensvang, Ole Jørgen Jondahl sa at han m.a. forventar at staten har eit godt nasjonalt planverk som det kan takast utgangspunkt i lokalt. Kommunane er avhengig av lokal kriseleiing men og koordineringa til Statsforvaltaren

Kommuneoverlege i Bergen, Trond Egil Hansen, sa at ein er best oppdatert på hendingar som oppstår raskt og varer kort, og mindre førebudd på hendingar som varer lenge. Hans forventningar til staten er å snakke med kommunane, ikkje berre om. Hansen meinte at ein under pandemien hadde fått betre vedtak om staten hadde lytta meir til kommunane.

Risikoanalysar regionalt og lokalt

Anne Eide
Bilete: Oliva Bakketun (foto: Anne Eide)

Oliva Bakketun frå Statsforvaltaren orienterte om arbeidet med ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Vestland (fylkesROS). Den skal vere eit kunnskapsgrunnlag for overordna beredskapsplanlegging i fylket. Analysen vil òg ha eit gradert vedlegg.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand snakka deretter om forventningane til oppfølging av kommunal beredskapsplikt. Han sa m.a. at Statsforvaltaren forventar at kommunane evaluerer handteringa av pandemien.

Risikokart og beredskapskart i Alver kommune

Anne Eide
Bilete: Sandra Waage og Ståle Hauge (foto: Anne Eide)

Sandra Waage orienterte om arbeidet Nordhordland brann og redning gjer med risikoanalyse i kartverktøy. Ståle Hauge orienterte om korleis beredskapskart kan nyttast aktivt i beredskapsplanlegging i kommunen, m.a. til å identifisere område som krev særleg merksemd. Kartløysinga samlar ei lang rekkje oppdatert data, og gir høve til å hente ut rapportar med ulike kartlag. Kart gjer det lettare å kommunisere analysar og scenario, og gir god oversikt til dei som skal ta avgjerder, men som ikkje jobbar med beredskap til dagleg.

Oppsummering av fagsamlinga

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand oppsummerte dei to dagane ved å vise til at eit av dei viktigaste måla med samlinga var å setje Totalforsvaret på dagsorden. Det vil prege arbeidet vårt i tida framover. Kommunane er viktige for å gjere samfunnet meir robust, og med det og vere betre i stand til å stå i mot eit eventuelt angrep frå dei som måtte ønskje å gjere oss vondt.

Statsforvaltaren har eit ansvar for å bidra til å gjere det tydeleg kva det er forventa at kommunane skal planlegge for. Han oppmoda samstundes om å bruke arenaene som allereie eksisterer til å starte diskusjonar om utfordringsbildet, og kva det kan bety i den enkelte kommune. Det kommunale beredskapsrådet bør vere ein god stad for det.

Statsforvaltaren startar opp att kommunemøta, og vi ber om innspel på innhaldet i dei. Det vert truleg rundt eitt møte i månaden framover. Stensvand viste til at framleis er ei omfattande tilstrøyming av flyktningar. Atomtrusselen er ein annan konsekvens av krigen i Ukraina. Straumrasjonering er eit tema vi ikkje kjem utanom å førebu oss på, sjølv om NVE seier det er lite sannsynleg at rasjonering vert nødvendig.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.