Joasetbergi (Stampa)

Illustrasjonsbilete tatt frå høgt oppe i fjellside der ein ser ned på fjellpartiet Joasetbergi i Aurland kommune. I bakgrunnen kan ein sjå Flåm sentrum, med hamneområde og litt av fjorden.
Joasetbergi Foto: Lene Kristensen/NVE.

Joasetbergi er ein del av fjellpartiet Stampa i Aurland kommune. 

Les meir om skred frå Joasetbergi på NVE sine nettsider.

Joasetbergi er ei frittståande fjellblokk på om lag 280 000 m³, og er ein del av fjellpartiet Stampa. Eit fjellskred vil kunne rive med seg opp mot 120.000 m³ lausmasser i skredbanen, slik at skredet kan ha eit volum kring 400 000 m³ når det går ut i fjorden. Stampa er eit av dei største ustabile fjellpartia i Noreg, med eit volum på 300 millionar m³. Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) meiner det ikkje er realistisk at heile fjellpartiet vil kollapse og skape ei stor flodbølgje i Aurlandsfjorden.

Målingar dei siste åra viser at Joasetbergi har ei årleg rørsle på om lag éin centimeter. Det er utarbeidd beredskapsplanar som skal sikre evakuering av områda som vil verte råka av fjellskredet og av flodbølgja som det vil skape.

NVE, politiet, Aurland kommune og Statsforvaltaren er hovudaktørar i beredskapen mot fjellskred ved Joasetbergi, og er ansvarlege for å utarbeide planverk og gjennomføre øvingar. Første utgåva av planverket var ferdig hausten 2017, og vil verte revidert ved jamne mellomrom. Første øving var ei skrivebordøving i april 2018. Planverket ligg tilgjengeleg i sidemargen.

Les meir om fjellskredovervaking på NVE sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.