Sambandsøving og informasjon om Nødnett i beredskapssituasjonar

I overkant av halvparten av kommunane deltok i den årlege sambandsøvinga tidlegare i denne månaden. Tilbakemeldingar frå deltakarane viser at mange synst det er nyttig å øve på bruk av sambandsutstyr, og at øvingsforma fungerte godt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.12.2020

Målsetjinga med øvinga var å auke kunnskapsnivået om bruk av sambandsutstyr i kommunane si kriseleiing, og særleg hjå dei som ikkje nyttar Nødnett og satellittelefon til dagleg. Det var difor fint å sjå at mange av kommunane valde å delta med fleire representantar frå kriseleiinga.

Sidan førre sambandsøving har vi fått inn to nye kollegaer med bakgrunn frå Politiet og Forsvaret, som har ein god del erfaring med opplæring og bruk av Nødnett. Innspel frå dei nye kollegaane gjorde til at vi valde å endre øvingsopplegget ein del frå føregåande år.

Første del av øvinga var ein teoretisk del på om lag 15 minuttar, der vi gjekk gjennom grunnleggjande bruk av sambandsutstyr, og forklarte litt om korleis Nødnett er bygd opp. Den andre delen var ei praktisk øving der kommunane mellom anna fekk øve på bruk av sambandsuttrykk, byte av talegrupper og samvirke med andre kommunar og Fylkesmannen. Kommunane fekk òg høve til å teste satellittelefonar.

Sidan det var nokre kommunar som ikkje hadde høve til å delta på øvingar i desember, gjennomfører vi eit «oppsamlingsheat» i januar neste år. Dei som ønskjer å delta på øvinga i januar er velkomne til det, og kan ta kontakt med Henri Palm på hempa@fylkesmannen.no.

Bruk av Nødnett i beredskapssituasjonar i Vestland
Denne hausten har mange nødnetterminalar i fylket vore gjennom ei oppdatering. Det er ei utfordring at det tek lang tid å oppdatere alle terminalane, og det er difor ikkje alle som er ferdig enno. Det kan gjere det vanskeleg å finne talegrupper som gjer det mogleg å nå ut til alle aktuelle samarbeidsaktørar. Når alle terminalar er oppdatert i løpet av 2021, vil vi gi ut eit felles sambandsreglement for Vestland. Det er talegruppa FY-VESTL-A1 som vil verte den primære talegruppa for beredskapssituasjonar. Enn så lenge vil vi bruke talegruppa FELLES 3.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner