Øvde på krisekommunikasjon og mediehandtering

Petter Sortland (ordførar i Høyanger) blir intervjua av Sølve Stang

Nyleg var ei rekkje ordførarar, varaordførarar og rådmenn i Vestland samla til medietreningskurs med særleg merksemd på krisekommunikasjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.02.2020

Kursa var laga til med særleg tanke på nye ordførarar og varaordførarar, men det deltok òg fleire røynde ordførarar, rådmenn og verksemdsleiar. Det var mange som meldte seg på og det vart difor gjennomført tre dagskurs. Til saman deltok 26 personar frå i alt 19 kommunar og ei interkommunal verksemd.

Kvifor arrangerer Fylkesmannen medietreningskurs?

Det er ei auka forventning om at styresmaktene skal kunne informere på ein god måte når det skjer uønskte hendingar. Kriseinformasjonen vil difor vere ein viktig del av nesten all krisehandtering. Det er mange gode døme på dyktige folkevalde som har stått i ein mediestorm og handtert det svært godt.

Målet med kurset var å gi ein del konkrete "verktøy" til dei som vil få rolla med å vere kommunen sitt andlet og stemme under ei krise, for på den måten å gjere dei tryggare og betre i stand til å gjere ein god jobb. Gjennom å øve saman med dei som har same rolla i andre kommunar, og få tilbakemeldingar frå dei og kursleiarane, fekk deltakarane mange gode råd med på vegen.

Øvde på krisekommunikasjon ved skredscenario

Sølve Stang frå Stang media hadde det faglege ansvaret for kurset. Han har m.a. lang fartstid frå NRK Dagsrevyen.

Øvingsscenarioet var ei skredhending, og den skapte trong for å gi informasjon frå kommunen. Eit viktig moment i så måte var grensegangen mot informasjonsansvaret til politiet under ein redningsaksjon.

Kursleiarane losa deltakarane gjennom fleire rundar med intervju foran kamera, både i plenum og i einerom. Intervjua vart så sett gjennom og diskutert i fellesskap. Det var mange gode diskusjonar og tilbakemeldingar om kva som gjekk bra og kva som kunne vore gjort og sagt annleis.

Deltakarane var rause og ærlege med kvarandre. Alle gav tilbakemelding om at dei synst at kurset var svært nyttig og lærerikt.

Liv Løvvik, rådmann i Austrheim kommune blir intervjua (foto: Fylkesmannen)

 

Hilmar Høl, ordførar i Årdal kommune blir intervjua (foto: Fylkesmannen)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner