Kommunar øvde på atomberedskap

Til saman 19 kommunar i Hordaland øvde nyleg på å handtere ei atomhending i kombinasjon med ekstremvêr. Til tross for tidspress og lite informasjon frå styresmakter, handterte kommunane hendinga på ein god måte.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.05.2019

Scenario for den om lag to timar lange øvinga var ei hending med fare for radioaktivt nedfall i kombinasjon med ekstremvêr, som fekk konsekvensar for kommunikasjon med innbyggjarar og omverda. Bruk av Nødnett i kriseleiing som eit alternativt samband når telenett er nede, og rapportering via krisestøtteverktøyet DSB-CIM var òg sentrale øvingsmoment.

Øvinga var for kommunar som ikkje er del av samanslåingsprosess fram til 2020, og på nær alle aktuelle kommunar deltok. Målgruppa for øvinga var kommunal kriseleiing, som sat i sine eigne lokale, og øvinga vart drive fram ved hjelp av øvingsmeldingar på e-post og telefon frå Fylkesmannen sin spelstab. Øvinga vart gjennomført over to dagar, 14. og 15. mai, slik at det var maks ti kommunar som øvde samstundes.

Spelstab på Statens hus (foto: Fylkesmannen i Vestland/Alfa Sefland Winge).

På Statens hus i Bergen deltok fleire regionale og nasjonale aktørar saman med Fylkesmannen sin spelstab dei to dagane; Hordaland sivilforsvarsdistrikt, Hordaland Røde Kors, Mattilsynet region vest, HV-09, Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap (Nødnett) og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (via telefon). Bergen sanitetsforening var observatør den eine øvingsdagen.

Vi har fått mykje gode tilbakemeldingar på øvingsforma, men òg forslag til endringar og forbetringspunkt som vi tek med oss i evalueringsarbeidet etter øvinga.

HV-09 orienterer kommunane (foto: Fylkesmannen i Vestland/Alfa Sefland Winge)

Mattilsynet orienterer kommunane om tiltak via Nødnett (foto: Fylkesmannen i Vestland/Alfa Sefland Winge)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Fylkesberedskapssjef