Endringar i farevarsel om høg vasstand

Meteorologisk institutt ønskjer å rette merksemda på faregrad og konsekvensane av den totale vasstanden ved varsling om høg vasstand. Frå 16. november blir det difor gjort endringar i utforminga av desse farevarsla. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.11.2020

Endringane skjer på bakgrunn av Meteorologisk institutt (MET) si evaluering av farevarsla for vasstand langs kysten og fjordane, etter fleire vasstandshendingar førre vinter - m.a. ekstremveret Didrik og Elsa. Det vil mellom anna berre bli sendt eitt farevarsel per dag, for å gi betre oversikt over gyldige farevarsel.

Frå 16. november 2020 blir det gjort følgjande endringar i utforming av farevarsel om høg vasstand

  • Detaljar i tekst om virkninga til veret, det vil seie tal cm over tidevasstabellen, blir tatt vekk.
  • Det blir kun sendt eitt farevarsel per dag, sjølv om det er to vasstandstoppar med ulik faregrad. Farevarselet vil ha høgste forventa faregrad.
  • Informasjon om tilrådingar og moglege konsekvensar av vasstanden blir forbetra.
  • Informasjon om usikkerheit i varselet blir lagt til.

Les meir om vasstand her.

 

Naturfarevarsel på e-post og/eller SMS

Vi minner om abonnementsløysinga for varsling på e-post og/eller SMS om farleg vêr, flaum- og skredfare frå MET og NVE.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.