Du er ein del av beredskapen i Noreg

Illustrasjonsbilete av gjenstandar ein treng til eigenberedskap. Drikkevatn, ved, medisinar, førstehjelpsutstyr og mat.
Foto: Gaute Gjøl Dahle/DSB Foto: DSB.

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.11.2022

Du bør klare deg sjølv i minst tre døgn

Målet med Eigenberedskapsveka 2022, er å gjere oss betre rusta til å stå imot kriser. Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn.

Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?

Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar òg oppstå hjå oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som vil trenge hjelp samstundes.

Ved å vere budd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar over heile landet. Statsforvaltaren sin beredskapsseksjon gir kommunane råd og annan bistand i samband med arrangementet. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.