Statsforvaltaren stoppar motsegn mot bybanen til Åsane

Vi har i ei samordna fråsegn til Bergen kommune, kome til at motsegna frå Bane NOR ikkje blir lagt fram.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.02.2023

I fråsegna til reguleringsplanane for bybane til Åsane, har Bane NOR varsla motsegn til planframlegga, med grunnlag i konflikter mellom bybanen og jernbaneinteresser.

Statsforvalteren har eit samordningsansvar for motsegner frå statlege instansar. Dette inneber at vi skal ta stilling til om motsegner til kommunale arealplaner skal bli lagde fram. Vi har avskore motsegna frå Bane Nor, slik at ho ikkje blir fremja for kommunen. 

Vi har mellom anna lagt vekt på verdien av å få bygd ut ein bybane til bydelane mot Åsane, og at motstridande interesser mellom kulturminne og jernbaneinteresser ville hindre kommunen i å gjere eit vedtak innan rimeleg tid. Vi meiner at aktuelle alternativ for om mogleg å sameine bybane- og jernbaneinteressene, er tilstrekkeleg utgreidde.

Det ligg elles føre motsegner frå tre andre statsetatar: Forsvarsbygg, NVE og Statens vegvesen. Desse instansane er i god dialog med Bergen kommune for å finne tilfredsstillande løysingar.

Dersom alle motsegnene blir løyste, er det opp til Bergen bystyre å gjere vedtak om reguleringsplanane for bybanen til Åsane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.