Statsforvaltaren opphevar delar av detaljregulering for ny fylkesveg 561 Kolltveit–Ågotnes

Etter kritikk frå Sivilombodet har vi sett på vår stadfesting av reguleringsplan for fv. 561 Kolltveit–Ågotnes på nytt, og kome til at vårt vedtak var ugyldig. Vi har delvis omgjort vårt eige vedtak, og opphevar no delar av reguleringsplanen.

Publisert 20.03.2024

I 2019 vedtok tidlegare Fjell kommune reguleringsplanen for ny fylkesveg 561 Kolltveit–Ågotnes. Reguleringsplanen byggjer på kommunedelplan for Sotrasambandet fv 561 Kolltveit–Ågotnes, vedteken 26.11.2009.

Planområdet er ein om lag 9,7 km lang korridor som strekkjer seg frå Kolltveit i sør via Fjæreidpollen til Ågotnes i nord. Planlagt veganlegg skulle knyte seg til eksisterande veganlegg i nord og sør. Store delar av planområdet går gjennom naturområde som i dag er urørde.

Statsforvaltaren stadfesta planvedtaket den 27.05.2021.

Klage til Sivilombodet

Forum for Natur og friluftsliv Hordaland klaga til Sivilombudet 26.05.2022. Sivilombodet kom med si fråsegn 31.05.2023, og kom til at Statsforvaltaren ikkje hadde gjort ei tilstrekkeleg vurdering etter naturmangfaldlova § 7, jf. §§ 8-12, og at det var tvil om at stadfestinga frå Statsforvaltaren av 27.05.2021 var gyldig.

Statsforvaltaren omgjorde først vedtaket, men oppheva omgjeringa etter kort tid

Etter fråsegna frå Sivilombodet, omgjorde først Statsforvaltaren sitt eige vedtak og oppheva heile planvedtaket frå kommunen.

Kommunen protesterte på dette, og viste til at vedtaket ville få svært uheldige konsekvensar, særleg for arbeidet med Sotrasambandet, der arbeid med kryssløysinga ved Kolltveit er avhengig av denne reguleringsplanen for å vere lovleg.

Statsforvaltaren kom etter dette til at opphevinga var ugyldig, og oppheva opphevingsvedtaket den 29.06.2023. Vi sende saka til uttale til kommunen og partane.

Etter ei førebels vurdering av saka og innspel frå partane, ba Statsforvalteren kommunen om å ta stilling til kor planområdet i så fall skulle avgrensast, dersom planen vart delvis oppheva. Kommunen svarte i brev av 18.12.2023, og kom med framlegg til deling av planområdet.

Vår nye vurdering

Etter ei ny vurdering har vi kome til at kunnskapsgrunnlaget, jf. naturmangfaldlova § 8, ikkje var godt nok då vedtaka frå kommunen og Statsforvaltaren vart gjort. Denne saka gjeld store inngrep i urørt område med viktige naturverdiar og fugleliv. Omstenda gjer dermed at det vert stilt strenge krav til vurderingane etter naturmangfaldlova.

Vurderingane av prinsippa i naturmangfaldlova må byggje på kunnskapsgrunnlaget, og må difor også gjerast på nytt.

Vi har konkludert med at vedtaket vårt var ugyldig, og vi har difor vurdert om vedtaket skal omgjerast.

Vi har kome til at naturmangfaldomsyna står særleg sterkt for den nye traseen for vegen frå Kolltveit mot Ågotnes. Vidare har vi kome til at samfunnsinteressene må tilleggjast stor vekt for den delen av vedtaket som gjeld realiseringa av Sotrasambandet i Kolltveit-området.

Vi gjer delvis om vårt eige vedtak av 27.05.2021, ref.: 2021/4097.

Vi opphevar den delen av reguleringsplanen som gjeld vegstrekninga Kolltveit–Ågotnes utanfor avgrensninga vist på kart, etter avgrensing fastsett av kommunen. Saka vert sendt tilbake for vidare handsaming i kommunen.

Vi held fast ved den delen av vedtaket som gjeld området på Kolltveit som knyter seg til Sotrasambandet og kryssløysinga, inkludert sjølve tilkoplinga til fylkesveg 561 nordover mot Ågotnes. Stadfestinga av planen for dette området vert derfor oppretthalden.

Du finn fråsegna frå Sivilombodet og vårt nye vedtak under "Dokument".

Kart med raude og blå markeringar
På illustrasjonen viser to kart. Det eine kartet viser heile planområdet markert i raudt og blått. På det andre kartet er det markert kvar den nye avgrensinga av planområdet går. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.