Massedeponi i Byfjella avslått

Statsforvaltaren i Vestland har gjort om og avslått bystyret sitt vedtak om dispensasjon for og løyve til deponering av store mengder massar på eigedomar som ligg rett ved og innanfor byfjella. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.04.2023

Bystyret i Bergen gav dispensasjon og løyve til deponering av massar på om lag 19 000 m³ over eit areal på 8 000 m². Det vart gitt dispensasjon frå plankrav, byggegrense mot vassdrag, og frå gjeldande arealformål friluftsområde.

Kommunen si handsaming av saka

Saka er handsama av bystyret fordi tiltaka delvis ligg innanfor grensa til byfjella. Bystyret konkluderte med at vilkåra for å gi dispensasjon var stetta. Naturvernforbundet i Hordaland har klaga på vedtaket.

Saka starta som ei oppfølging av mogleg ulovleg deponering av massar i form av tipp, terrenginngrep og planering. Slik deponering av massar er eit vesentleg terrenginngrep, noko som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og utløyser ei rekke krav om dispensasjonar og godkjenningar etter anna regelverk, som t.d. ureiningslova og eventuelt forskrift for nydyrking. Inngrepet er ikkje søkt om eller handsama som eit landbrukstiltak, eller vurdert etter forskrift for nydyrking eller planering. Ulovlege tiltak kan godkjennast eller avslåast etter ein vanleg søknadsprosess, og det skal ikkje ha innverknad på behandlinga verken i positiv eller negativ retning at tiltaket er utført.

Statsforvaltaren si handsaming av saka

Det sentrale spørsmålet i saka er om vilkåra for å gi dispensasjon frå plankrav, byggegrense mot vassdrag og arealformåla i området er oppfylt.

Dispensasjon kan berre gjevast dersom verken omsynet bak føresegna det er søkt dispensasjon frå eller omsynet i plan- og bygningslova sine føremålsføresegner, blir vesentleg sett til side. I tillegg må fordelane med å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene, etter ei samla vurdering. Vilkåra i dispensasjonsvurderinga er rettslege vurderingstema, ikkje kommunalt skjønn. Det er derfor ikkje høve til å legge vekt på det kommunale sjølvstyret når ein vurderer om vilkåra for dispensasjon er oppfylt.

Omsynet bak kravet om reguleringsplan er å sikre ei brei, heilskapleg og grundig vurdering av arealbruken i eit bestemt område, eller for bestemte tiltak. Plankravet for massedeponering skal i tillegg sikre at massane vert forsvarleg handterte. Omsynet bak byggegrensa mot vassdrag er å verne vassdraget mot byggetiltak og terrenginngrep, sikre naturmangfaldet, sikre natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og ålmenta sine interesser og for å hindre avrenning og ureining i vassdraga. I tillegg til desse føresegnene er det gjort grundige vurderingar når det er fastsett ulike arealformål i kommuneplan og gjeldande reguleringsplanar i området.

Statsforvaltaren har i si vurdering lagt vekt på at massane ikkje er reine, massedeponeringa har eit svært stort omfang, heile åtte gonger større enn grensa kommunen sjølv har sett i KPA for når plankravet for massedeponering slår inn. Det er vidare ikkje kjent kor massane kjem frå, og dei har blitt tilført område over ein periode på fleire år.

Det er fleire forhold ved massedeponeringa som ikkje er avklart, mellom anna kva verknad massane har på omgjevnadane. Så lenge dette ikkje er tilstrekkeleg avklart, er det uråd å konkludere med at omsyna bak plankravet, byggegrensa mot vassdrag og arealformåla ikkje vert sett vesentleg til side ved å gi dispensasjon. Massane ligg i eit populært friluftsområde, i innfallsporten til byfjella. Det er difor fleire ulike brukarinteresser som skal takast omsyn til og ivaretakast i området. Vi meiner at dei omsyna som skal vurderast, skal avklarast i ein planprosess og ikkje gjennom dispensasjonar.

Statsforvaltaren har konkludert med at vilkåra for å gi dispensasjon ikkje er stetta, fordi omsyna bak plankravet, byggegrensa mot vassdrag og omsynet bak arealformåla i området framleis gjer seg gjeldande med styrke. Bystyret sitt vedtak om massedeponering vart difor gjort om til eit avslag.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.