Estetikk og visuelle kvalitetar

Plan og bygningslova er ei ja-lov. Dersom tiltaket oppfyller alle krav i lova skal kommunen gi byggeløyve. Eit av krava er at tiltaket må ha gode visuelle kvalitetar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2020

Krav til estetikk og visuelle kvalitetar i plan- og bygningslova

Det er tydelege signal i plan- og bygningslova (pbl) om at estetikk er eit viktig omsyn som kommunen skal vurdere og ta i vare i kvar enkelt byggesak. Ifølge § 29-2 skal alle søknadspliktige tiltak «prosjekteres og utføres slik at det etter kommunens skjønn innehar gode visuelle kvaliteter både i seg selv og i forhold til dets funksjon og dets bygde og naturlige omgivelser og plassering».

Eit tiltak kan for eksempel vere å bygge ein bustad, ein garasje, forskjellige tilbygg og påbygg til ein bustad, slik som terrassar eller takterrassar. Det kan òg vere ulike former for fasadeendringar slik som innsetting av takvindauge. Eit tiltak kan også vere å bygge ein veg eller ein parkeringsplass, sette opp ei bru eller eit kjøpesenter.

Krava i lova er at alle tiltak skal ha gode visuelle kvalitetar. Med dette meiner lovgivar blant anna at ein bygning gjennom si form gir uttrykk for funksjonen han har (1), for eksempel skal ein garasje sjå ut som ein garasje og ikkje eit anneks. Visuelle kvalitetar skal også bli ivaretekne i planlegging og utføring, slik at det er samspel mellom volum og høgde, fasadeuttrykk og liknande. (1)

Regelen stiller også eit krav om at tiltaket skal ha gode visuelle kvalitetar i samsvar med omgjevnadane, både dei bygde og dei naturlege. Dette er eit sjølvstendig krav som viser at det ikkje er tilstrekkeleg at eit tiltak isolert sett har gode visuelle kvalitetar. Eit tiltak kan altså ha gode visuelle kvalitetar i seg sjølv, men passar ikkje nødvendigvis i alle typar omgjevnadar. Det er ikkje krav om at eit tiltak er heilt likt omgjevnadane, men eventuelle avvik må ha fagleg grunngjeving. Blant anna må ein for eksempel ta omsyn til om tiltaket er plassert i eit område med historisk eller kulturell verdi, eller i sentrum av ei bygd. (1)

Kravet til gode visuelle kvalitetar i samsvar med omgjevnadane

Sjølv om det ikkje er eit krav at eit tiltak er heilt likt omgjevnadane, så vil eit bygg som skil seg frå omkringliggande einsarta hus og bygningar lettare medføre at området mistar sitt einsarta preg (2) og vere i strid med lova.

Kommunen kan likevel ikkje avslå ein søknad dersom den einaste grunnen for avslag er at dei fryktar presedens, altså at andre skal krevje å bli behandla likt og få bygge tilsvarande.

Større tiltak, strengare krav

Kravet til god kvalitet er eit relativt krav på den måten at ein skal tolke det relativt samanlikna med kor stort og synleg tiltaket er. Dette inneber at jo større og synlegare eit tiltak er, jo strengare krav stiller ein til gode visuelle kvalitetar. For eksempel vil kommunen stille strengare krav til dei visuelle kvalitetane til ein større bustadblokk enn til ein einebustad (1). Alle tiltak må likevel oppfylle lovkrava. 

Visuelle kvalitetar er opp til kommunens frie skjønn

Ifølge pbl. § 29-2 er det opp til «kommunens skjønn» om eit tiltak oppfyller krava til gode visuelle kvalitetar. Det betyr at det er dei kommunale bygningsmyndigheitene som er best eigna til å vurdere om eit tiltak har gode visuelle kvalitetar eller ikkje, basert på lokal byggeskikk og styring av den visuelle utviklinga i kommunen.

Kommunen har likevel plikt til å gjere ei forsvarleg vurdering av spørsmålet, og grunngi vedtaket i tråd med forvaltningslova. Grunngjevinga skal innehalde fakta kommunen legg til grunn og momenta som kommunen legg vekt på i vurderinga (2). I tillegg bør kommunen skildre tiltaket og kva element som gjer at det ikkje oppfyller lovkrava (2).

Andre krav til estetikk

I tillegg til dei krava til estetikk og visuelle kvalitetar som direkte kjem til uttrykk i plan- og bygningslova er det fleire kommune- og reguleringsplanar som fastset eigne meir spesifikke krav til estetikk for bestemte område. Disse krava gjeld i tillegg til krava i plan- og bygningslova, og det er derfor svært viktig å finne ut kva planar som gjeld for den aktuelle eigedomen for å få oversikt over dei krava som gjeld for denne.

Referansar, lenker til dei ulike kjeldene ligg òg ved artikkelen:

(1) Ot.prp.nr.45 (2007-2008)

(2) Tolkingsutsegn frå KMD, ref. 19/3943-4.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.