Plan for ny golfbane i Lærdal må avgjerast av departementet

Statsforvaltaren tilrår at regulerings­planen for golfbane på Sløgrandane i Lærdal ikkje vert godkjent grunna sterk konflikt med naturmangfald av nasjonal verdi.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.08.2022

Både Statsforvaltaren og NVE har motsegner til planen. Ut frå vedtaket i Lærdal kommunestyre ligg det an til at motsegna frå NVE blir løyst.

Derimot er det ikkje semje mellom Statsforvaltaren og kommunen. Statsforvaltaren i Vestland har motsegn mot planframlegget fordi ein svært verdfull flaummarkskog vil gå tapt dersom golfbana blir bygd på Sløgrandane. Flaummarkskogen er ein av dei største attverande restane i Vestland av denne truga naturtypen. Området er svært artsrikt, med fleire sjeldne og hittil ukjende insektartar i Noreg.

Statsforvaltaren legg vidare vekt på at reguleringsplanen er i strid med gjeldande arealdel til kommuneplanen for Lærdal, og at kommunen no arbeider med revisjon av den overordna planen. Avklaring av eventuelt areal for ny golfbane, med alternativvurderingar og konsekvens­­utgreiing, bør skje som del av kommuneplan­revisjonen for å finne fram til eit område som ikkje kjem i klar motstrid med nasjonale interesser. 

Sidan både kommunen og Statsforvaltaren ikkje kan sjå at ei mekling kan føre fram til ei løysing i saka, har Statsforvaltaren sendt saka til kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.