Dispensasjonar

Reglane om dispensasjon går fram av kapittel 19 i plan- og bygningslova. Vilkåra for dispensasjon er klargjort og stramma noko inn samanlikna med tidlegare lov.

Sist endret 09.01.2024

Etter § 7 i plan- og bygningslova av 1985 var vilkåret for å dispansere at det låg føre særlege grunnar for dispensasjon, og vurderinga av vilkåret var ein del av forvaltninga sitt skjønn. Vilkåra i den nye lova er derimot underlagt ei rettsleg vurdering.I praksis innber dette mellom anna at klageinstansen si handsamin ikkje er ei overprøving av det kommunale sjølvstyret, men ein rettsleg test på om vilkåra for å dispansere er innfridd. Det er gjeve klare rammer for kommunen si vurdering.  

Hovudpunkta går fram av pbl. § 19-2:

Vilkåra for å kunne dispensere

  • Det kan ikkje gjevast dispensasjon dersom omsyna bak føresegna det vert dispensert frå, omsyna i formålsparagrafen eller nasjonale eller regionale interesser, vert vesentleg sett til side (skadelidande).
  • I tillegg må fordelane ved å dispensere vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.  

I vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon skal statlege og regionale rammer og mål tilleggjast vekt. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.