Statsforvaltaren i Vestland forenklar arbeidet med dispensasjonssaker

Statsforvaltaren endrar praksis i dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova, ved at vi ikkje lenger ber om å få slike saker på høyring før kommunane gjer vedtak.

Publisert 05.01.2024

– Dette viser at vi har tillit til kommunane, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
– Det er viktig for oss at kommunane kan handtere mest mogleg sjølve. Lover og regelverk er det same for kommunane og oss, men endra praksis vil gi meir ansvar til kommunane. Statsforvaltaren vil få frigjort meir tid til dialog og rettleiingsarbeid i plansaker.

Statsforvaltaren er pålagd å vurdere positive dispensasjonsvedtak i kommunane, og vi vil difor be om å få desse inn. Når vi vurderer om vi skal klage på slike vedtak, vil det som før vere mest aktuelt å klage der vi ser konkrete konfliktar med nasjonale eller regionale interesser.

Dette er endringane

  • Som utgangspunkt vil vi ikkje lenger uttale oss før kommunane gjer vedtak i dispensasjonssaker.
  • Vi ber heller ikkje lenger om å få sendt alle søknader om dispensasjon før kommunane gjer vedtak, sjølv om statlege interesser som ligg inn under vårt ansvarsområde kan verte råka av eit eventuelt vedtak om å gje dispensasjon. Vi legg i staden til grunn at desse interessene og omsyna i all hovudsak er kjende for, og må vektleggjast av, kommunane.
  • Kommunane kan likevel be særskilt om høyringsfråsegn i konkrete saker eller be om rettleiing om særlege fagtema, dersom det trengst.

Meir effektivt både for oss og kommunane

Ein viktig grunn til omlegginga er tillitsreforma til regjeringa, som mellom anna inneber at det ansvarlege forvaltningsnivået må få rom til å utføre oppgåvene sjølvstendig innafor lovverket. Dessutan vonar vi med denne omlegginga å få frigjort tid til meir generell og individuell rettleiing av kommunane både i plan- og dispensasjonssaker. Vi vonar òg at ordninga vil redusere tidsbruken for kommunane.

Vi har invitert kommunane til eit digitalt informasjonsmøte 9. januar kl. 12.00–13.30. Der vil vi gjere greie for endringane, og det blir høve til å stille spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.