Vi tilrår Ospehogen naturreservat i Stad kommune
I samarbeid med grunneigarane kan vi tilrå vern av 576 dekar med verdifull natur på Ospehogen som nytt naturreservat i Stad. Området ligg vest for Hundvika i Nordfjord og husar raudlista artar og naturtypar.
Som del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Ospehogen naturreservat i Stad kommune. Området ligg i ei sørvendt fjordside vest for Hundvika. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 576 dekar, der om lag 559 dekar er registrert som skogdekt og 540 dekar består av produktiv skog.
Arealet er eigd av fire private grunneigarar som har signet tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Det er FramTre (tidlegare kjent som AT Skog) som forhandlar med staten på vegne av grunneigarane.
Arealet vart kartlagt etter Miljødirektoratet sin nye kartleggingsmetodikk for skogvernområde etter at vi mottok tilbodet frå grunneigarane.
Verneverdiar i form av verdifull edellauvskog
Med eit vern av Ospehogen som naturreservat vil ei liside langs Nordfjord med raudlista naturtypar i form av frisk rik edellauvskog (NT), samt mindre parti med lågurtedellauvskog (VU), kalk- og lågurtfuruskog (VU) og høgstaudeedellauvskog (NT) bli bevart for framtida. Daud ved finst jamt spreidd. Større delar av arealet har rik vegetasjon, og av tolv raudlista artar er åtte nær truga (NT) og ein er sterkt truga (EN). Det er potensial for å finne fleire sjeldne, truga og sårbare artar i denne varmekjære fjordsida.
Opprettinga av Ospehogen vil bidra til å nå internasjonale mål og forpliktingar, nedfelt i konvensjonen for biologisk mangfald om eit samanhengande verneområdenettverk. Ved å verne naturen mot ulike typar inngrep gir verneområdet eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald. Ospehogen i Stad kommune vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedtake av Stortinget om 10 % vern av skog.
Vi vurderer området til å vere verdifullt og viktig å prioritere til vern. Vern av skogen bidreg også til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.
Ein open verneprosess er avgjerande
Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet vart sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Det kom inn fleire innspel til verneprosessen. Omtale av interessser som til dømes energi, friluftsliv, kulturminne med meir er å lese i tilrådinga. Der ligg også eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse. Vi har redusert vernearealet av omsyn til kraftlinjer i nord og sør i området.
I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i aviser som er lest lokalt og regionalt. Verneforskrifta er tilgjengeleg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.
Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD og lagt fram for vernevedtak i statsråd.