Vi tilrår frivillig vern av Vestreim naturreservat i Sogndal

Vi tilrår vern av Vestreim i Sogndal kommune som naturreservat. Området ligg mellom 500 og 900 meter over havet i ei sørvendt li, og inneheld fleire ulike typar skog. Dei sørlegaste og lågaste områda er dominert av gammal furuskog med høg bonitet, som er særleg interessant for vern. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vi tilrår frivillig skogvern av Vestreim i Sogndal kommune. Her er det store naturkvalitetar, særleg knytt til den gamle og produktive furuskogen i den sørlege delen av området. Å verne Vestreim som naturreservat vil sikre desse verdiane for framtida.

Publisert 10.10.2023

Store naturverdiar

Det tilrådde verneområdet ligg i ei sørvendt li på Kaupanger i Sogndal kommune, og høgdenivået varierer frå om lag 500 til om lag 800 meter over havet. I området finn ein ulike skogtypar. Lengst nord i dei høgstliggande områda er det gammal boreal lauvskog med furu. Lenger ned i lia er det gammal og skrinn heifuruskog. Dei sørlegaste, og lågastliggande, områda er dominert av gammal furuskog med høg bonitet. Her finn vi også furu av store dimensjonar, truleg eldre enn 150 år.

Dei største verneverdiane i området er knytt til den gamle furuskogen i dei lågare delane av verneområdet. Her finn ein skog med variert alder, som under kartlegging utført av Rådgivende Biologer i 2020 vart kartlagt som viktig (B-verdi). Her er det registrert arten gubbeskjegg, som er på raudlista med status som nær truga.

Ein stokk med eit hol i  ligg på mosegrodd skogbotn
Rådgivande Biologer vurderer at det er potensiale for nye funn av raudlista artar i området, særleg knytt til daud ved i dei sørlege delane av skogen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Det er mykje daud ved i det tilrådde verneområdet; både ståande og liggjande, og med ulike dimensjonar og nedbrytingsgrad. Rådgivende Biologer vurderte også at det er potensiale for å finne raudlista artar knytt til daud furu i området.

Ein del av eit nettverk av verneområde

Vestreim ligg nær fleire andre naturreservat som er oppretta dei siste åra, og blir dermed ein del av eit nettverk av skogvernområde nord for Sognefjorden i indre fjordstrøk. Innanfor ein radius på fire- fem km ligg det fleire naturreservat; Breisete, Loftesnes, Luster almenning, Rodeholene og Stedjeberget. Eit vern av Vestreim vil gjere dette nettverket av verdifulle skogområde større og meir robust.

Vi har i oppdrag å verne verdifull skog for framtida

Statsforvaltaren i Vestland har i oppdrag frå regjeringa å verne verdifull skog i fylket. Skogen husar seks av ti landlevande artar og er viktig å ta vare på om vi skal hindre tap av biologisk mangfald.

Ni av ti av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Frivillig skogvern er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ei erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. AT Skog har sett til at interessene til grunneigar har blitt ivareteke i verneprosessen.

Innspel og endringar i løpet av verneprosessen

Oppstart og høyringsbrev for verneområda er sendt til relevante sentrale og lokale partar. Sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i Sogn Avis. Det kom innspel frå ti aktørar til oppstartsmeldinga. Seks aktørar svarte på høyringa. 

Etter høyringa har vi endra vernegrensene for å ta omsyn til eit mogeleg framtidig behov for nye kraftlinjer mellom Årøy og Kaupanger. Arealet er difor redusert med om lag ein fjerdedel etter høyringa. Vurderingane som ligg til grunn for denne endringa er skildra i tilrådinga, som du finn i menyen til høgre.

Kraftliner som strekkjer seg gjennom skogterreng
Etter høyringa har vi redusert arealet med om lag ein fjerdedel, for å ta omsyn til eit mogeleg framtidig behov for nye kraftliner mellom Årøy og Kaupanger. Dei tilrådde vernegrensene er difor trekt slik at kraftlina på biletet ligg utanfor naturreservatet.

Vidare prosess

Vi har sendt vår tilråding om vern av Vestreim til Miljødirektoratet. No skal dei behandle saka, før dei sender si tilråding vidare til Klima- og Miljødepartementet. Eit endeleg vernevedtak blir eventuelt fatta ved kongeleg resolusjon. 

Det er mogeleg å kommentere tilrådinga vår. Eventuelle kommentarar sendes direkte til Miljødirektoratet, med kopi til Statsforvaltaren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.