Vi startar verneprosess for Loftesnes naturreservat i Sogndal

Tilbodsarealet på Loftesnes er stadvis bratt og utilgjengeleg for folk. Området gjev likevel gode levekår for lind, hassel og osp og alle artane som treng gamle og døde tre for å overleve.
Tilbodsarealet på Loftesnes er stadvis bratt og utilgjengeleg for folk. Området gjev likevel gode levekår for lind, hassel og osp og alle artane som treng gamle og døde tre for å overleve. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Tore Larsen.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Loftesnes i Sogndal kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 28. februar 2021. 

Publisert 01.02.2021

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Tilbodsområdet på Loftesnes er lokalisert på gards- og bruksnummer 1/12, 2/2, 2/5, 2/6 og 2/11 i Sogndal kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Loftesnes som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 623 dekar. Kart med framlegg til vernegrenser ligg til høgre. 

Grunneigarane langs Loftesnes har tilbydd store delar av det bratte partiet på biletet til frivillig skogvern. Området strekk seg frå kraftlinja og opp mot fjellet. Biletet er teke i september, der ein ser enkelte stader med gran mellom lauvtrea.
Grunneigarane langs Loftesnes har tilbydd store delar av det bratte partiet på biletet til frivillig skogvern. Området strekk seg frå kraftlinja og opp mot fjellet. Biletet er teke i september, der ein ser enkelte stader med gran mellom lauvtrea. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Tore Larsen.

Verneverdiar

Loftesnes vart første gang registrert i naturbasen samband med naturtypekartlegginga for Sogndal kommune i 2000. Området består av rasmark med rik edellauvskog og frodig blandingslauvskog, og furuskog i meir høgareliggjande område. I låglandet er det både levande og døde store, gamle lindetre med grove dimensjonar. Andre edle lauvtre som hassel, alm, ask og svartor veks i området, og osp og bjørk er særleg grove og med høg alder. Dei gamle trea har gode førekomstar av sopp-, mose- og lav, og det er stort potensiale for funn av truga, sjeldne og sårbare artar. 

Det nærliggjande Stedjeberget naturreservat er levestad for ein sjeldan barktege knytt til liggjande, daud lind, som truleg er det einaste registrerte funnet i Noreg. Kontinuitet i daud ved av lind er vesentleg for overleving av denne arten.  Det er registrert over 100 artar av sopp i Stedjeberget (minst 11 raudlista soppartar). Statsforvaltaren har grunn til å tru at òg Loftesnes er levestad for sjeldne artar, med tilsvarande kontinuitet av storvakse, daud ved av lind. Potensialet for raudlista arter er stort. Loftesnes er vurdert å ha verdi A, som er svært viktig og har nasjonal verdi, og vil bidra til å oppfylle viktige manglar i skogvernet i Vestland.

Lind er eit edellauvtre og trivst berre i utvalte, varme lommer i fylket. Lind kan ha tydinga "skjold" som skildra i Snorre-Edda, og vikingane brukte treet for å lage skjold grunna gode eigenskapar som låg vekt og fordi det er lett å skave i. Lind er ein viktig levestad for biomangfald, kanskje av same grunn?
Lind er eit edellauvtre og trivst berre i utvalte, varme lommer i fylket. Lind kan ha tydinga "skjold" som skildra i Snorre-Edda, og vikingane brukte treet for å lage skjold grunna gode eigenskapar som låg vekt og fordi det er lett å skave i. Lind er ein viktig levestad for biomangfald, kanskje av same grunn? Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing om redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Noreg skal bli verna. Med om lag 3 prosent av skogen i fylket verna i løpet av 2020, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av Loftesnes vil ein komme litt nærmare målet om å ta vare på sjeldan og trua artar og naturtypar i landet.

Kva betyr det at eit område vert verna? 

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om området på Loftesnes som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Turstiar og andre eksisterande anlegg som er i området skal òg kunne haldast ved like, som til dømes ei jaktbu i furuskogen i aust og ein brønn. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er i bruk av husdyr i dag, og det skal være lov å halde gjerde ved like, samt mogeleg å søkje om oppsetting av nye gjerde ved behov.

Loftesnes ligg eit steinkast frå Sogndal sentrum. Fordi det er så bratt er mindre areal i aktivt bruk i dag til jakt, beite og friluftsliv. Ein status som naturreservat vil ikkje redusere bruken av området til dette. For å sjå framlegg til vernereglar kan du sjå i forskrifta til høgre.
Loftesnes ligg eit steinkast frå Sogndal sentrum. Fordi det er så bratt er mindre areal i aktivt bruk i dag til jakt, beite og friluftsliv. Ein status som naturreservat vil ikkje redusere bruken av området til dette. For å sjå framlegg til vernereglar kan du sjå i forskrifta til høgre. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og deltema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. Vi håpar på vernevedtak innan utgangen av året. 

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller på e-post innan 28. februar 2021.

Meir informasjon om naturkvalitetane, kartavgrensing og verneforskrift finn du til høgre. Vi har òg ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Dødsårsaken til eit tre dør kan avgjere kva slags artar som busett seg der. Sjeldne, truga og sårbare artar treng ulike treslag, tre med ulik dødsårsak, liggjande eller ståande tre eller eit utval av kor mykje sol og skugge det er på plassen. På Loftesnes er det døde tre av til dømes lind, bjørk, osp i alle nedbrytingsfasar, noko som gjev godt grunnlag for liv for insekt, mose, lav og virveldyr.
Dødsårsaken til eit tre dør kan avgjere kva slags artar som busett seg der. Sjeldne, truga og sårbare artar treng ulike treslag, tre med ulik dødsårsak, liggjande eller ståande tre eller eit utval av kor mykje sol og skugge det er på plassen. På Loftesnes er det døde tre av til dømes lind, bjørk, osp i alle nedbrytingsfasar, noko som gjev godt grunnlag for liv for insekt, mose, lav og virveldyr. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.