Vi inviterer til informasjonsmøte om supplerande vern i sørvestre Øygarden

Eit landskap sett frå lufta med sjø og berg ut mot havet.
Goltesundet inngår i eit særmerkt og spennande landskap. Her finn du kystlynghei, naturbeitemark, myrar og tjern. Området som no er vurdert til vern har også stier og er nytta til friluftsliv. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

I det sørvestre Øygarden ligg eitt av dei største og mest intakte kystlandskapa i Hordaland, og vi ønskjer å ta vare på området for framtida. Vi inviterer til ope møte i Nordsjøfartmuseet i Telavåg den 14. november kl 18 for å høyre di meining.

Publisert 31.10.2023

Nasjonalt viktig natur

Områda mellom Telavåg og Golta er blant dei største, mest inngrepsfrie kystlandskapa i Hordaland.

Her finn vi store kystlyngheiområder i mosaikk med myrar, tjern og noko naturbeitemark. Kystlyngheia består både av purpurlyng og andre undertypar. Naturtypen er raudlista som sterkt trua og naturbeitemark er nasjonalt raudlista som trua. Dette er også eit svært viktig friluftsområde med godt etablerte turstiar.

Lilla farga lyngplante mellom steinar
Purpurlyng er ein av lyngartane som trivst i kystlandskapet. Den er populær blant insekta og er raudlista som nær truga grunna nedgang i populasjonane. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Lokalkunnskap er viktig

Vi ønskjer å informere om bakgrunnen for kvifor vi ønskjer å verne området, og kva eit vern vil innebere for bruken vidare. Vi er tilgjengelege for dialog og spørsmål. Det er ingen påmelding til møtet, og møtet er ope for alle. Møtet vert arrangert i samarbeid med Øygarden kommune. 

Vi ønskjer også å få meir informasjon frå lokalkjente og tips om det er interesser og brukarar vi no i tidleg fase av arbeidet bør gå i dialog med. Vi håpar også å få moglegheit til å ytterlegare informere politikarane i kommunen ved seinare høve. Sjå lenkje til høgre for digitalt kart. 

Kart over det aktuelle området i Øygarden kommune
Det skraverte området på kartet er ei grov skisse over det verdifulle kystlandskapet i Øygarden kommune som no vert vurdert til vern. Arealet er stort og relativt inngrepsfritt, og med ei vernestatus kan ein sikre midlar for å skjøtte landskapet også i framtida. Sjå kartlenkje til høgre for å zoome inn og få fram fleire detaljar. Foto: Fylkesatlas.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.