Tre nye marine verneområde i Vestland er i dag oppretta

Vi vernar natur for å hindre tap av artar og livsmiljøet deira. Eremittkrepsen på biletet inngår i eit imponerande artsmangfald i fylket vårt. Opp til 6000 artar er registrert under overflata langs kyst og fjord (om vi inkluderer dei under 1 mm i storleik) i Vestland.
Vi vernar natur for å hindre tap av artar og livsmiljøet deira. Eremittkrepsen på biletet inngår i eit imponerande artsmangfald i fylket vårt. Opp til 6000 artar er registrert under overflata langs kyst og fjord (om vi inkluderer dei under 1 mm i storleik) i Vestland. Foto: Torgeir Kårbø.

I dag er ein merkedag for det marine naturmangfaldet: Kongen i statsråd har vedteke å opprette fire nye marine verneområde i Noreg, der tre ligg i Vestland. Krossfjorden, Ytre Hardangerfjorden og Dalsfjorden får no status som verna område for å sikre unik undervassnatur for framtida. 

Publisert 13.02.2026

I dag styrker regjeringa vernet av kyst- og fjordnaturen med tre nye marine verneområde i Vestland. Dette markerer eit viktig steg mot målet om å ta vare på eit representativt utval av norsk marin natur. Dei tre områda representerer kvar på sin måte det ypperste av naturverdiar vi har under overflata i fylket, frå djupe fjordbasseng og massive korallrev til artsrike tareskogar og særprega moreneryggar.

I nyheitssaka frå Klima- og miljødepartementet finn du vedtaksgrunnlag, vedtakskart og meir informasjon om kvifor områda er verna, og kva som er vurdert i prosessen.

Vestland har no fem marine verneområde med unik natur

Verneprosessane har vore omfattande og inkluderande, med tett dialog mellom styresmakter, kommunar og lokalsamfunn. Ytre Hardangerfjorden og Krossfjorden vart tilrådd, saman med Lurefjorden og Lindåsosane, frå dåverande Fylkesmannen i Hordaland så tidleg som i 2017. Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde vart oppretta i juni 2020. Stad marine verneområde vart oppretta desember 2024, og med det siste vedtaket i statsråd kan Vestland fylke telje fem marine verneområde.

Krossfjorden marine verneområde

Krossfjorden, som ligg sørvest for Bergen i kommunane Øygarden, Austevoll, Bjørnafjorden og Bergen, omfattar om lag 192,7 km². Området er kjent for å vere eit av dei best dokumenterte kystområda i landet og fungerer som eit viktig referanseområde for marin forsking. Her finn vi djupe fjordbasseng ned til 700 meter, eksponert kyst og skjergård med artsrike tareskogar, korallar og kalkalgar.

Ytre Hardangerfjorden marine verneområde

Dette området dekker 67,8 km² i kommunane Tysnes, Stord og Kvinnherad. Sentralt i vernet står ein nasjonalt viktig morenerygg frå siste istid og det massive Bukkarevet – lenge var korallrevet det største dokumenterte i Vestland og kan vere så gamalt som 4000 år. Ytre Hardangerfjorden er også eit regionalt viktig gyte- og oppvekstområde for torsk og brisling.

Dalsfjorden marine verneområde

Inst i Dalsfjorden, i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Askvoll, er eit areal på 10,7 km² no verna. Fjorden er særprega med sin store ferskvasstilførsel og unike førekomstar av korallar på svært grunt vatn, noko som er uvanleg i norsk samanheng. Dalsfjorden marine verneområde inkluderer mange viktige grunne område som er viktige oppvekst- og beiteareal for eit mangfald av marine artar. 

Få konsekvensar for dagleg bruk

Sjølv om områda no er verna etter naturmangfaldlova, vil kvardagen for dei fleste brukarane av fjorden halde fram som før. Marint vern i Noreg er generelt ikkje eit strengt vern mot ferdsel eller tradisjonell hausting.

  • Fiske og friluftsliv: Vanleg fritidsfiske med snøre, teine, ruse og garn kan halde fram som før. Ferdsel med båt, dykking og oppankring for småbåt er framleis lov. 
  • Næring og infrastruktur: Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg, som bryggjer, naust, sjøkablar og akvakulturanlegg, kan halde fram innanfor rammene av gjeldande løyve.
  • Forbod: Det viktigaste forbodet knyt seg til tiltak som kan skade sjøbotnen og verneverdiane, slik som dumping av massar, skjelskraping og bruk av taretrål eller annan botntrål. Ankring for skip får også restriksjonar.

Til høgre kan du lese om vernereglane i den enkelte forskrift. Kongeleg resolusjon for det enkelte vedtaket er også tilgjengeleg for å sjå kva som har vore vurdert og justert i løpet av verneprosessen. 

Vegen vidare

Statsforvaltaren i Vestland er delegert forvaltningsmynde for dei nye marine verneområda. Det neste viktige steget blir å utarbeide forvaltningsplanar for kvart område i samarbeid med kommunane og lokale interesser. Forvaltningsplanane skal fungere som eit praktisk hjelpemiddel for å avklare brukarinteresser og sikre ein føreseieleg forvaltning for alle partar. Prosessen med å utarbeide ein forvaltningsplan er open for innspel frå alle som ønskjer gjennom høyringar og kunnskapsinnhenting. 

Vernereglane tek til å gjelde med det same, og vi ser fram til å markere dei nye verneområda i løpet av kort tid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.