Sju nye skogreservat i Vestland

Fredag 11. desember vart 15 skogområde verna i Noreg ved kongeleg resolusjon. Sju av naturreservata er i Vestland, og fordeler seg jamt frå nord til sør, og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Samla utgjer områda over 8 500 dekar.

Publisert 15.12.2020

 Parti med eldre lågurtfuruskog ved Litletveit som inngår i utvidingsområde for Uranes naturreservat i Kvam herad. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©Parti med eldre lågurtfuruskog ved Litletveit som inngår i utvidingsområde for Uranes naturreservat i Kvam herad. Foto: Magnus Johan Steinsvåg©

Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Norge. Til no er om lag fem prosent av skogen verna nasjonalt, og i Vestland fylke er talet om lag tre prosent. Naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern.

Viktig vestlandsnatur

Dei sju områda fordelar seg over heile fylket og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Vernet vil omfatte mellom anna rike edellauvskogar, eldre kalkrike blandingsskogar, vestnorske regnskogar, rikmyrar og rik sumpskog. Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand.

  1. Bugen naturreservat (utviding) i Bremanger kommune (457 dekar)
  2. Uranes naturreservat (utviding) i Kvam herad (978 dekar)
  3. Krakksfjellet naturreservat i Solund kommune (1 600 dekar)
  4. Skarvatun naturreservat i Kvinnherad kommune (1 680 dekar)
  5. Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune (1 077 dekar)
  6. Stussvikhovda naturreservat i Bjørnafjorden og Kvinnherad (1353 dekar)
  7. Ulvenfjellet i Bjørnafjorden kommune (1400 dekar)

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Arealendringar er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Frivillig skogvern

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den aktuelle framgangsmåten for å verne om viktig naturmangfald i skog. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar som tilbyr staten område for vern. For staten er det viktig at området inneheld viktige miljøverdiar. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaka som no er godkjente i statsråd er begge resultat av at grunneigarane har tilbode staten frivillig vern av skogen. Les meir om frivillig skogvern på heimesidene våre.

Synfaring i Bugen naturreservat med grunneigar. Området har oseaniske berg med regnskogsmiljø, storvokst furuskog og relativt gamal bjørkeblandingsskog med innslag av edellauvtre.
Synfaring i Bugen naturreservat med grunneigar. Området har oseaniske berg med regnskogsmiljø, storvokst furuskog og relativt gamal bjørkeblandingsskog med innslag av edellauvtre. Foto: Fylkesmannen i Vestland v/Tom Dybwad.

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne skogområda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby tiltak og aktivitetar som kan skade verneverdiane i naturreservatet.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Eksisterande installasjonar på vernetidspunktet skal kunne driftast og vedlikehaldast.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.