Oppstart av frivillig skogvern av verdifull vestnorsk regnskog på Osøyra i Kinn

Osøyra er eit område rikt på regnskogskvalitetar i Kinn kommune, sør for Eikjefjord. Område på begge sider av elva/fjorden er no tilbudt av grunneigar til frivillig skogvern i dialog med grunneigar.
Osøyra er eit område rikt på regnskogskvalitetar i Kinn kommune, sør for Eikjefjord. Område på begge sider av elva/fjorden er no tilbudt av grunneigar til frivillig skogvern i dialog med grunneigar. Foto: Johan Trygve Solheim.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for eit nær 9000 dekar stort areal på Osøyri i Kinn kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 26. mai 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.04.2022

Vi ønskjer å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar. 

Tilbodsområdet Osøyra er lokalisert på gards- og bruksnummer 89/1 i Kinn kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 8757 dekar. Kart med framlegg til vernegrenser og utkast til vernereglar (verneforskrift) ligg til høgre. 

Eit uvanleg stort tilbodsområde

Området ligg på fastlandet i den sørlege delen av gamle Flora kommune, sør for Eikjefjord. Arealet er uvanleg stort i skogvernsamanheng, og går frå 0 til 400 meter over havet på begge lisidene av Oselva, den smale fjorden og dalføret. 

Vegetasjonssonen er sørboreal og mellomboreal, men enkelte artsfunn syner slektskap med vintermild seksjon og boreonemoral sone. Vegetasjonsseksjonen er sterkt oseanisk. Berggrunnen er i hovudsak kalkfattig, men enkelte stader er det registrert meir kalkrike forhold. Området er særs nedbørsrikt med årleg meir enn 2500 mm nedbør og over 240 nedbørsdagar, noko som gjev gunstige vilkår for fuktkrevjande artar.

Osøyra er stort, kystnært, variert og kupert. Det er store kvalitetar i området knytt til regnskog, ein skogtype som vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. No har vi ein verneprosess på gang for å ta vare på dette store området.
Osøyra er stort, kystnært, variert og kupert. Det er store kvalitetar i området knytt til regnskog, ein skogtype som vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. No har vi ein verneprosess på gang for å ta vare på dette store området. Foto: Johan Trygve Solheim.

Viktige naturverdiar i regnskogen

Det aktuelle tilbodsområdet er stort, kystnært, variert og kupert. Biologar kartla og laga avgrensingane Osøyra og Leirvågstølen i samband med kystskogkartlegginga i 2016. Innanfor tilbodsarealet er det avgrensa åtte naturtypelokalitetar av ulik storleik. To av disse er store, gamle tre av eik, der den eine har spesielle kvalitetar i form av eit stort, ope holrom. Fem av naturtypelokalitetar er av regnskog, og ein er med gamal, boreal lauvskog. Vi har grunn til å tru at avgrensinga av enkelte av naturtyperegistreringane kan være større i terrenget enn kartet viser. Dette grunna vanskelege feltforhold med mykje nedbør, særleg vest for Sagelva, noko som er omtalt i rapporten for Osøyra.

Internasjonalt ansvar for vestnorsk regnskog

Dei mange lokalitetane av vestnorsk regnskog i tilbodsområdet er spesielt, då det både er fattig boreal fururegnskog og gamal kystfuruskog i blanding. Vestnorsk regnskog er ein skogtype Norge har eit særleg forvaltingsansvar for, og som dermed også gjer området verneverdig. Det er registrert fleire sjeldne, trua og sårbare artar, som til dømes fossegrimemose og praktdraugmose.

Det er gjennomgåande eldre skog, og vi er trygge på at det er fleire raudlista artar enn det som er registrert, særleg knytt til gamal/død furu. Osøyra har kvalitetar også knytt til storleiken på området. Gamle Flora kommune er eit viktig område for regnskog i Noreg, og lokalitetane på Osøyra er ein del av eit større nettverk av regnskogslokalitetar.

Den raudlista regnskogsarten praktdraugmose (NT) er registrert på Osøyra, som her veks på berget til venstre på biletet. Det er fleire interessante funn av mose og lav i tilbodsområdet som alle treng høge nedbørsmengder for å trives. Den svært sjeldne grå buktkrinslav er også registrert, ein sjelden regnskogsart som her truleg veks på si kjente nordgrense i Noreg, og som saman med ein forekomst på Svanøy ser ut til å utgjere isolerte utpostlokalitetar.  Det er potensiale for fleire krevjande artar her.
Den raudlista regnskogsarten praktdraugmose (NT) er registrert på Osøyra, som her veks på berget til venstre på biletet. Det er fleire interessante funn av mose og lav i tilbodsområdet som alle treng høge nedbørsmengder for å trives. Den svært sjeldne grå buktkrinslav er også registrert, ein sjelden regnskogsart som her truleg veks på si kjente nordgrense i Noreg, og som saman med ein forekomst på Svanøy ser ut til å utgjere isolerte utpostlokalitetar. Det er potensiale for fleire krevjande artar her. Foto: Geir Gaarder.

Tilbodsområdet Osøyra dekker viktige manglar i skogvernet

For det kartlagde området Leirvågstølen i nordaust av tilbodsarealet støttar vi vurderinga gjort i den biologiske kartlegginga. Med grunnlag i mangelanalysane for skogvern så dekker tilbodsområdet godt opp viktige manglar i skogvernet i fylket knytt til regnskog. Dette gjeld underkategoriane oseanisk furuskog (boreal regnskog med furu) og kystbjørkeskog (fattig boreonemoral regnskog). Området får 3 poeng i kartlegginga, noko som tilseier regionalt verdifullt, men fagfolk etterlyser samstundes meir undersøkingar for å fange opp fleire kvalitetar.

For området kartlagt som Osøyra er innslaget av regnskogsartar høgt til å ligge så langt nord. For enkelte artar er det både geografiske interessante registreringar og nasjonalt viktige bestandar. Området fangar opp viktige manglar knytt til regnskog, både for oseanisk furuskog (boreal regnskog med furu) og for kystbjørkeskog (fattig boreonemoral regnskog). Området får 4 poeng i kartlegginga, noko som tilsvarar regional til nasjonal verdi.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing om å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med litt over 3 prosent av skogen i fylket verna i løpet av 2021, er vi enno langt unna dette målet i Vestland, men med eit vern av Osøyra som naturreservat vil ein kome litt nærare målet.

Kva betyr det at eit område vert verna? 

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om området på Osøyra som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Turstiar og andre eksisterande anlegg som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kulturminne kan bli restaurert og ivaretekne i samråd med kulturminnemynde. Delar av området er tilplanta med gran, og småplanter er begynt å spreie seg utover plantefelta. Desse områda har vi som mål å restaurere tilbake til naturskog, i tråd med det grunneigar også ønskjer. Det er stor friluftsaktivitet i tilbodsområdet i jakttida. Området er relativt urørt av tekniske inngrep.

Grunneigar fortel om historisk bruk av det store arealet som vi no startar opp verneprosess for. I ein verneprosess er det viktig å få fram både fagkunnskap om området, til dømes om artar og naturtyper, men også erfaringsbasert kunnskap frå grunneigar og andre brukarar.
Grunneigar fortel om historisk bruk av det store arealet som vi no startar opp verneprosess for. I ein verneprosess er det viktig å få fram både fagkunnskap om området, til dømes om artar og naturtyper, men også erfaringsbasert kunnskap frå grunneigar og andre brukarar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og deltema kan bli så opplyst som mogleg. Vi foreslår namnet Osøyra på det 8757 dekar store området, men Språkrådet kan ha tungtvegande innspel til dette spørsmålet. Når alle innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller på e-post innan 26. mai 2022.

Meir informasjon om naturkvalitetane, kartavgrensing og verneforskrift finn du til høgre. Vi har òg ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.