Møte om marint vern kring Stad og i Dalsfjorden

Fylkesmannen har hatt møte med dei aktuelle kommunane for å informere om arbeidet med marint vern og få tilbakemelding på planane.

Publisert 26.06.2019

Møtet med Selje kommune og Fiskeridirektoratet om marint vern kring Stad vart halde 4. juni, og møtet med kommunane Gaular, Fjaler og Askvoll vart halde 5. juni. Fiskeridirektoratet hadde ikkje høve til å kome den dagen.

Formålet med møta var eit ledd i å ha ein open dialog i verneprosessen for marint vern. Vi ønskte å informere om arbeidet med marint vern og fråsegner som har kome til oppstarmeldinga, og samstundes få tilbakemelding frå kommunane og Fiskeridirektoratet på aktuelle problemstillingar før Fylkesmannen utarbeider eit framlegg til vern som vert sendt på ei brei høyring.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.