Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde

Foto: Copyright Magnus Johan Steinsvåg.

Lurefjorden og Lindåsosane er eit spesielt fjordsystem. Faktisk så spesielt at det ikkje finst ein fjord som liknar i heile verda. Kongen i statsråd vedtok difor den 23. juni 2020 å verne dette området for kommande generasjonar.

Kva natur finn vi i Lurefjorden og Lindåsosane?

Lurefjorden er overraskande djup — ned til 440 meter på det meste. All utskifting av vatn i fjorden skjer over tre grunne tersklar, der gjennomstrøyminga i stor grad er styrt av tidevatnet. Hadde vassutskiftinga i fjorden vore total, ville det tatt 193 dagar å skifte ut alt vatnet. Sidan det ikkje er tilfelle, tar vassutskiftinga i Lurefjorden mykje lengre tid og det kan gå mange år mellom kvar utskifting. Dette har mykje å seie for vasskvaliteten, noko som gjer fjorden særs sårbar for forureining. Difor er det ikkje akvakulturverksemd her, med unntak av eit setjefiskanlegg ved Nesfossen. 

Verneføremålet

Føremålet med Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde er å ta vare på eit unikt fjord- og pollsystem med lågt oksygeninnhald. Mellom anna er det spesielle førekomstar av den djuptlevande kronemaneten Periphylla perifylla og ishavsåte Calanus glacialis, samt ei eiga sildestamme i verneområdet. Det er ei målsetjing å halde verneverdiane utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking. Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen.

Foto: Norsk Polarinstitutt/Allison Bailey.

Unik førekomst av kronemaneten Periphylla

Dette fjordsystemet har ikkje eit spesielt stort mangfald av artar, men det vert kompensert med eit sterkt økologisk særpreg. Den lokale sildestamma i Lindåsosane er unik og særeigen. Lurefjorden er også kjent for førekomsten av kronemaneten Periphylla periphylla. Dette er i utgangspunktet ein djupvassart som har vid utbreiing i verda. Den fann først fram til Lurefjorden på 1970-talet. Sidan har bestanden vakse sterkt, og i dag reknar vi med at det finst 50 000 – 60 000 tonn av arten her. Dette gjer arten svært dominerande i fjorden.

Foto: Rådgivende biologer.

Lite lys og lite varme

Årsaka til utviklinga av bestanden til Periphylla er interessant. På 200 meter djupn er nemleg Lurefjorden 10 000 gongar mørkare enn andre fjordar på våre kantar, og det blir mørkare for kvart år som går. Dette kan sjåast i samanheng med klimaendringane og tilførsle av organisk materiale. Lystilhøva her kan såleis minne om situasjonen på langt større djupne i dei store verdshava. Dei fleste fiskeslag finn ikkje fram til maten når det er så mørkt, men lysmangelen skapar ingen slike problem for kronemaneten. Periphylla er faktisk sjølvlysande!

Få konsekvensar i kvardagen

Det marine vernet vil i liten grad påverke aktivitetane til folk kring fjorden. Det er vegetasjonen og dyrelivet på botnen som er det primære verneføremålet når vi vernar marine område i Noreg. Friluftsliv kan gå føre seg som før, også når eit marint verneområde er vedteke. Ein kan ferdast med båt eller andre fartøy, og nytte seg av ankringsplassar. 

Fritidsfiske kan også gå føre seg som tidlegare, utan nye reguleringar. Fiske med passive reiskap (snøre, teine, ruse, garn, line) kan halde fram som før dersom dei ikkje fører til negative verknadar på verneverdiane. Bruk av snurrevad vil det også vere høve til fordi det ikkje påverkar sjøbotn. 

Det er forbode å nytte taretrål og annan botntrål i det marine verneområdet, og opptak av skjelsand er heller ikkje lov. Dette er aktivitetar og reiskap som uansett ikkje er aktuelle i Lurefjorden og Lindåsosane i dag.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Vernegrensa

Det marine verneområdet dekker eit sjøareal på om lag 71 km​2 i Alver og Austrheim kommunar med grense mot land langs djupnekote 2 m under sjøkartnull. Verneområdet femner om overflata, vassøyla og sjøbotnen.

Vernegrensa følgjer marebakken på 2 meter djupne med unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. Staten eig området frå marebakken og nedover, så i utgangspunktet vert ingen grunneigarar direkte råka. Bygging av naust og sjøboder følgjer reglane i plan- og bygningslova der kommunen er forvaltningsmynde.

Restriksjonar på nye tekniske inngrep

Vernestatusen vil ha konsekvensar for nye tekniske inngrep, men ikkje for drift og vedlikehald av dei anlegga og inngrepa som allereie er etablert. Nye inngrep på botn vil i utgangspunktet ikkje vere lov. Det vil ikkje vere opning for dumping av massar, då dette kan føre til nedslamming av botn, vegetasjon og dyr som lever over/på botn.

Nye inngrep som til dømes legging av røyr og kablar i utvalde korridorar eller oppføring av nye flytebrygger/fortøyingar kan få løyve frå Fylkesmannen dersom tiltaka ikkje er i strid med verneføremålet. Dette gjeld også til dømes levandelagring av villfanga fisk inntil 12 veker. Fleire vernereglar finn du ved å følgje lenkja til verneforskrifta til høgre.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Stein Byrkjeland.

Eit vern for framtida

Kommunane Lindås, Radøy og Austrheim var under høyringa i 2016 positive til verneframlegget. No får Alver og Austrheim kommune ein attraksjon dei kan vere stolte av. Det marine verneområdet vert omslutta av Nordhordland UNESCO Biosfære, som vart oppretta i juli 2019. Det er UNESCO som utnemner biosfæreområde, og dette er så langt det einaste i Noreg.

Lurefjorden og Lindåsosane er Vestland sitt aller første marine verneområde. Fleire er i prosess, som Ytre Hardanger, Krossfjorden, Dalsfjorden og Stad. Vestland kan såleis få inntil fem "nasjonalparkar" under vatn i løpet av dei nærmaste åra.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.