Høyringsframlegg for marint vern på Stad til fagleg vurdering

Utsyn frå Stad kommune over Sildegapet mot Kråkenes fyr i Kinn kommune.  Delar av Sildegapet både innanfor Stad og Kinn kommunar er foreslått innlemma inn i det marine verneområdet.
Utsyn frå Stad kommune over Sildegapet mot Kråkenes fyr i Kinn kommune. Delar av Sildegapet både innanfor Stad og Kinn kommunar er foreslått innlemma inn i det marine verneområdet. Foto: Maria Knagenhjelm.

Eit nytt høyringsframlegg for Stad marine verneområde er sendt frå oss til Miljødirektoratet for fagleg vurdering. Vi planlegg høyring i løpet av hausten 2021 etter at framlegget er godkjent, der vi ønskjer innspel til verneframlegget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.09.2021

Oppdrag på marint vern

Statsforvaltaren i Vestland fekk i 2017 oppdrag om å utarbeide framlegg til marine verneområde kring Stad. Området har eit unikt naturmangfald og Stortinget ønskjer å ta vare på desse for komande generasjonar. Arbeidet er vurdert etter § 42 i naturmangfaldlova og kapittel VIII i forvaltningslova. 

Brei involvering og kartlegging sidan 2017

Etter oppstarten i 2017 har det vore mange synfaringar og møte med kommunar, grunneigarar, næringsaktørar og andre involverte i dei enkelte områda. Vi har også fått gjennomført tre kartleggingar for å få meir kunnskap om naturmangfaldet rundt Stad-halvøya.

På grunnlag av opplysningar om verneverdiar, innkomne merknadar og drøftingar med både lokale og sentrale aktørar har vi utarbeidd eit framlegg til vern. Framlegget inkluderer eit kart med avgrensing av det enkelte området og ei verneforskrift. Både avgrensinga og verneforskrifta er endra samanlikna med oppstartsdokumenta frå 2017.

Fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet

Før framlegget blir sendt ut på høyring, får Miljødirektoratet det til fagleg vurdering og godkjenning. September 2020 vart det første høyringsframlegget for Stad marine verneområde oversendt direktoratet. Vi har sidan den tid registrert meir viktig naturmangfald. Viktige korall-lokalitetar i Sildegapet har medført at vi har endra grensene og vernereglane. Du kan lese om både korallkartlegginga og høyringsframlegget til høgre i nettartikkelen. Her kan du lese meir om marint vern på Stad, og få tilgang til fleire av kartleggingsrapportane. 

Høyring i løpet av hausten 2021

Framlegga frå Statsforvaltaren vart sendt som kopi til dei involverte kommunane og til fylkeskommunen. Når direktoratet har godkjent framlegget vert det sendt ut på høyring. Då vil vi høyre di meining. 

Vi vil halde møte, anten digitalt eller fysisk, i høyringsfasen. Høyringsperioden blir 2-3 månader og det aktuelle tidsrommet blir fastsett i løpet av hausten når arbeidet skrid fram. Høyringa blir kunngjort i lokalaviser på staden, på heimesida vår og til alle som var involverte i oppstartsfasen.

I dei ytre delane av Sildegapet, på sørsida av det djupe fjordbassenget, vart det gjort funn av hornkorallar. På biletet kan du sjå ein korallskog av sjøtre med risengrynskorallar og sjøbusk på 190 meters djupne. Sjøtre veks veldig langsamt, og er vurdert til å vere nær truga på den norske rødlista.
I dei ytre delane av Sildegapet, på sørsida av det djupe fjordbassenget, vart det gjort funn av hornkorallar. På biletet kan du sjå ein korallskog av sjøtre med risengrynskorallar og sjøbusk på 190 meters djupne. Sjøtre veks veldig langsamt, og er vurdert til å vere nær truga på den norske rødlista. Foto: Rådgivende biologer.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.