Kartlegging av naturmangfald i grunne område i Sognefjorden

Eremittkrepsen på biletet inngår i eit imponerande artsmangfald i fylket vårt. Opp til 6000 artar er registrert under overflata langs kyst og fjord (om vi inkluderer dei under 1 mm i storleik) i Vestland. No skal vi kartlegge utvalte grunne område i indre delar av Sognefjorden.
Eremittkrepsen på biletet inngår i eit imponerande artsmangfald i fylket vårt. Opp til 6000 artar er registrert under overflata langs kyst og fjord (om vi inkluderer dei under 1 mm i storleik) i Vestland. No skal vi kartlegge utvalte grunne område i indre delar av Sognefjorden. Foto: Torgeir Kårbø.

Utvalde grunne område i indre del av Sognefjorden blir kartlagt for viktig marint naturmangfald i haust. Kartlegginga er ledd i arbeidet med marint vern. 

Publisert 21.10.2022

Miljødirektoratet hadde tilgjengelege midlar att på slutten av året til kartleggingsarbeid, og med korte tidsfristar fekk vi ei løyving på kr 250 000,-. Desse midlane vil vi nytte til å kartlegge grunne sjøområde i samband med marin verneplan for Sognefjorden.

Firmaet Rådgivende Biologer vann anbodet, og skal i løpet av hausten ut i felt for å utføre kartleggingsarbeidet. Sju område er valt ut innanfor kostnadsramma. Områda ligg alle i indre del av Sognefjorden der det er behov for ny kunnskap. 

Kor vil kartlegginga av grunne område føregå?

Områda er prioritert ut i frå eksisterande kunnskap og nærleik til kvarandre for å få mest mogeleg effektiv bruk av midlane. Vi har valt ut områda i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. 

Disse sju områda skal vi kartlegge i haust: 

- Terskel mellom Bakka og ytre Nærøyfjord
- Esefjorden
- Området Hagelin til Loftesnesbrua og terskelen til Barsnesfjorden
- Terskel ved Fimreite – Norane
- Amlabukti
- Årøy elvedelta
- Otternes- og Fretheimsgrunna ved Flåm

For å kartlegge grunne område i fjorden kan ein få god oversikt ved å fridykke. Ser du ein dykkar i indre delar av Sognefjorden kan det hende at personen er ute på kartleggingsoppdrag frå oss hos Statsforvaltaren. Foto: Torgeir Kårbø.

Korleis kartlegge grunne område i fjorden?

Kartlegginga vil bli utført av Rådgivende Biologer ved hjelp av eit drop-kamera som logger djupne, posisjon, dato og tidspunkt med video og bilete. Kameraet har kapasitet til å gå ned til 70-80 m djupne. Ein person vil handsame kabelen til drop-kamera, mens ein person noterer observasjonar og styrer videoopptak og bilettaking.

Kartleggarane vil nytte innleigd båt med båtførar for å kunne rekke over store område på kortast mogeleg tid. I tillegg til å køyre transekt med drop-kamera, vil kartleggarane også synfare område frå land. I område som er for grunne eller vanskeleg tilgjengeleg med båt, vil ein person gå langs strandlinja eller fridykke. 

Endeleg rapport frå Rådgivende Biologer vil bli publisert på våre heimesider i løpet av mars 2023. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.