Har identifisert verneverdig Vestlandsnatur

Fylkesmannen i Vestland har identifisert 99 område av spesielt stor verneverdi med tanke på seinare supplerande vern av natur i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Publisert 01.02.2019

Mange av kandidatområda utgjer karaktersterke vestlandske landskap med naturtypar som fossesprøytsoner og bekkekløfter som vi har eit særleg forvaltingsansvar for. Her er eit parti frå Kikedalen i Fusa. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

Mange av kandidatområda utgjer karaktersterke vestlandske landskap med naturtypar som fossesprøytsoner og bekkekløfter som vi har eit særleg forvaltingsansvar for. Her er eit parti frå Kikedalen i Bjørnafjorden kommune. Foto: Magnus Johan Steinsvåg



På oppdrag frå Miljødirektoratet har Fylkesmannen i Vestland gjennomført ei naturfagleg vurdering og identifisert område som kan bidra til å nå Stortinget sitt mål om representativt vern av norsk natur. Dei fleste norske verneområde ligg i fjellet, mens lågareliggande område med stort mangfald av naturtypar og artar i liten grad er verna. Denne skeivfordelinga håpar ein no å gjere noko med.

Oppdraget

Arbeidet har blitt gjort ut frå tilgjengeleg kunnskap om naturtypar og artsførekomstar og føringar sett opp av Klima – og miljødepartementet. Føringane seier mellom anna at områda som no vert identifiserte skal bidra til:

  • At alle naturtypar er tilstrekkeleg representert i norske verneområde
  • Å sikra trua natur (artar og naturtypar)
  • Meir robustheit for å motverke negative effektar av klimaendringar og andre negative påverknader, og betre økologiske nettverk

Aktuelle vernekategoriar kan vere nasjonalparkar, landskapsvernområde, naturreservat og biotopvernområde. Det skal både vurderast etablering av nye verneområde og utviding av eksisterande naturvernområde.

Det skal i tillegg vurderast om delar av verna vassdrag treng auka beskyttelse gjennom områdevern etter naturmangfaldlova.

Skog og sjø er ikkje med

Skog er ikkje inkludert i dette arbeidet ettersom det går eigne verneprosessar for skog som frivillig skogvern i samarbeid med Vestskog og Norskog i Hordaland og Sogn og Fjordane. Heller ikkje marine område er inkludert i oppdraget.

Forslag til kandidatområde i Vestland

Totalt 99 kandidatområde fordelt på 32 i Hordaland og 67 i Sogn og Fjordane er omfatta av lista. Vern av desse vil i nokon grad oppfylle målet om vern av ein representativ del av norsk natur. Ni naturreservat vert foreslått utvida, i tillegg til tre nasjonalparkar.

Eit stort spenn i Vestlandsnatur er omfatta i forslaget frå Fylkesmannen. Områda utgjer ein landskapsgradient frå fjell, og nedover til bratte fjordlier med bekkekløfter og dampande fossesprøytsoner, til elvedelta i både sjø og vatn, og kyst – og rikmyrar i flatare parti i låglandet, vidare vestover til store opne naturbeite – og kystlyngheiområde på ytre kyst. Områda er viktige bitar Vestlandsnatur og består både av trua artar og naturtypar.

Kart over områda

Sjå interaktivt kart over verneverdig vestlandsnatur markert som punkt på kartet. Arealavgrensing vil bli gjort seinare ved eit eventuelt vernearbeid.

Sjå verneverdig vestlandsnatur på Fylkesatlas.

Store manglar i vernedekning

Mangelanalysar gjennomført av Norsk Institutt for naturforskning (NINA) syner at det frå før er stor underdekning på vern av dei fleste naturtypane i låglandet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Prosess framover

Fylkesmennene sitt oppdrag har i denne fasen utelukkande vore å utarbeida ei liste over aktuelle kandidatområde for Miljødirektoratet. Direktoratet har frist innan 1. mai til å levere ei samla vurdering av moglege supplerande område til Klima- og miljødepartementet.

Etter at Klima- og miljødepartmentet har tatt stilling til kva område det skal jobbast vidare med vil det bli starta verneprosessar. Eit eventuelt vernearbeid vil føregå i god dialog med grunneigarar og kommunar, og med høyringsprosessar på vanleg måte med tilrettelegging for innspel til forslag på områdeavgrensingar og restriksjonsnivå for aktuelt verneområde.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.