Hammarland er no verna som naturreservat
Kongen i statsråd vedtok den 23. juni 2026 å verne 35 skogområde fordelt på ni fylker. Eitt av disse er Hammarland som ligg i Bjørnafjorden kommune.
Med vern av Hammarland vert dei viktige naturkvalitetane her tatt vare på for framtida. Naturreservatet er lokalisert på eigedom 176/1 ved Gjønavatnet i Fusa, og er på 504 dekar.
Hammarland naturreservat har blitt verna gjennom ordninga for frivillig skogvern, som er eit samarbeid mellom private grunneigarar, skogeigarorganisasjonane og statsforvaltinga. I dette tilfellet er det Framtre, tidlegare AT Skog, som har representert grunneigar. Foredraget til kongeleg resolusjon ligg på Klima- og miljødepartementet sine heimesider, her kan du følgje lenkja.
Skogvern bidreg til å ta vare på viktig natur
Naturreservatet husar skog av varierte kvalitetar, frå fattigare bjørkeskog til svært store naturkvalitetar og styvingstre av ask i boreonemoral regnskog. I øvre parti førekjem vekselvis rike og fattige skogtypar om kvarandre, og skogen er truleg blitt beita tidlegare. I nedre parti rett ovanfor Hammarland gard finn ein styvingsli med ask. Desse er grove, med høg tettleik av tre og område vert vurdert som svært verdifullt. Lia er tidlegare registeret under naturtypekartlegginga og klassifisert som A-verdi (DN-handbok 13). Den sjeldne og sterkt trua (EN) regnskoglaven strutlav er konstatert på fleire av dei styva asketrea. Bleik kraterlav (VU) er konstatert frå før i 2001 og veks på gamle styva aske- og almetre.
Forvalting og oppsyn
Klima- og miljødepartementet (KLD) har bede Statsforvaltaren gjere vedtaket kjent for fylkeskommunen, kommunen, grunneigarar og andre lokale/regionale instansar/interessegrupper.
Alle som har hatt opprettinga av naturreservatet på høyring vert med dette underretta om vernevedtaket. Vi kunngjer også vernevedtaket i lokalavisa og på heimesidene våre, sjå her for direkte lenke.
Det går fram av den oppdaterte verneforskrifta at Statsforvaltaren i Vestland framleis har delegert forvaltingsmyndigheit for naturreservatet. Miljødirektoratet kan vurdere å endre delegeringa av denne myndigheita dersom Bjørnafjorden kommune på eit seinare tidspunkt ønskjer å overta forvaltingsansvaret for små verneområde. Vi ber om at kommunen gjer seg kjent med det oppdaterte kartet og tilhøyrande forskrift, og sørgjer for at naturkvalitetane vert ivaretekne gjennom den løpande arealforvaltinga. Vedlagt dette brevet ligg vernekart og verneforskrift.
Statens naturoppsyn (SNO) skal etter Lov om statleg naturoppsyn føre kontroll med at reglane i verneforskriftene blir følgde. Oppsynet skal drive rettleiing og informasjon, samtidig som dei kan drive skjøtsel, registrering og dokumentasjon etter oppdrag frå Statsforvaltaren.
Nasjonale mål sikrar skogvernarbeidet
Det er i verneprosessen ikkje avdekt vesentlege negative samfunnsmessige konsekvensar av vernet. Vernet bidreg til å nå Stortingets mål om vern av 10 prosent av skogarealet og til internasjonale mål og forpliktingar.
Vernet vil bidra til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til mellom anna gjennom handsaminga av Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet og Meld. St. 35 (2023-2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur.
Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.
Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å sikre norsk naturmangfald, bl.a. ved å fange opp truga og nær truga naturtypar og leveområde for mange truga og nær truga artar.