Gratulerer med dagen til Hardangervidda nasjonalpark!

Hardangervidda nasjonalpark er 40 år og vi heiser flagget for landets største nasjonalpark.
Hardangervidda nasjonalpark er 40 år og vi heiser flagget for landets største nasjonalpark. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Landets største nasjonalpark feirer 40 år i dag. Jubilanten held seg i grei form, men treng godt stell for å klare dei neste 40 åra òg. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.05.2021

I dag, 1. juni, er det 40 år sidan Hardangervidda nasjonalpark med to tilhøyrande, store landskapsvernområde, vart oppretta. Det er planar om å markere dette med ein jubileumskonferanse i september, om nøyaktig 100 dagar frå i dag.

Slik såg det ut ved Vetle Skiftesjøen ved Dyranut i Eidfjord den 29. mai i år, med Hardangerjøkulen i bakgrunnen. Snømengdene var ganske like det som var tilstanden 1. juni 1981, då nasjonalparken vart oppretta.
Slik såg det ut ved Vetle Skiftesjøen ved Dyranut i Eidfjord den 29. mai i år, med Hardangerjøkulen i bakgrunnen. Snømengdene var ganske like det som var tilstanden 1. juni 1981, då nasjonalparken vart oppretta. Foto: Statsforvalteren i Vestland/ Stein Byrkjeland.

Største nasjonalpark i landet

Sjølve vedtaket vart gjort ved kongeleg resolusjon 10. april 1981, men vernevedtaket vart ikkje gjort gjeldande før 1. juni same år. Hardangervidda vart den største nasjonalparken i Noreg, og den første der areal i privat eige vart innlemma i ein norsk nasjonalpark. Hardangervidda er framleis den største nasjonalparken i landet, men det er ikkje lenger uvanleg at nasjonalparkar inkluderer område som òg er privat eigedom, slik det var før. Faktisk er Hardangervidda den største nasjonalparken i heile Norden!

Det er svært mykje vatn og våtmark på Hardangervidda. Berggrunnen er mange stader rik, og det gjer at vasskvaliteten er god. Desse våtmarkene er viktige levestader for mange artar våtmarksfugl. Biletet viser Hadlaskardmyrane i Eidfjord kommune.
Det er svært mykje vatn og våtmark på Hardangervidda. Berggrunnen er mange stader rik, og det gjer at vasskvaliteten er god. Desse våtmarkene er viktige levestader for mange artar våtmarksfugl. Biletet viser Hadlaskardmyrane i Eidfjord kommune. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Stein Byrkjeland.

Storleiken, det særeigne landskapet og det rike dyrelivet gjer Hardangervidda til eitt av dei viktigaste verneområda i landet. Vi som arbeider med forvaltinga her vil meine det er den aller viktigaste nasjonalparken vår. Vi vil nytte jubileumsåret til å sette fokus på nokre av utfordringane i forvaltinga, og vonleg òg få etablert ei varig ordning som sikrar meir ressursar for at dette viktige naturområdet skal få den prioriteringa som det fortener.

For å undersøkje utbreiing av ørekyt på Hardangervidda, har Statsforvaltaren i Vestland tatt i bruk miljøDNA. DNA frå organismar som lev i vatnet vert samla inn ved filtrering av vassprøver og analysert. Det har vore gjennomført to rotenonaksjonar i nasjonalparken for å fjerne ørekyt, siste i 2013.
For å undersøkje utbreiing av ørekyt på Hardangervidda, har Statsforvaltaren i Vestland tatt i bruk miljøDNA. DNA frå organismar som lev i vatnet vert samla inn ved filtrering av vassprøver og analysert. Det har vore gjennomført to rotenonaksjonar i nasjonalparken for å fjerne ørekyt, siste i 2013. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Gry Walle.

Resultat av lang politisk prosess

Gjennom 1970-talet var det stor og langvarig debatt om vasskraftressursane på og kring vidda skulle byggjast ut og utnyttast, eller om ein skulle verne naturen i staden. Løysinga vart eit kompromiss. Dei vassdraga som ikkje vart bygd ut, vart i staden nasjonalpark. Utbyggingsinteressene vart såleis avgjerande for kvar grensene for nasjonalparken ville gå.

Parallelt med dette vart det den gongen gjort mykje biologisk forsking på Hardangervidda. Resultata frå denne forskinga vart viktige premiss for vernevedtaket. Den dokumenterte at Hardangervidda hadde naturfaglege kvalitetar som få, om nokon i det heile, andre høgfjellsområde i Nord-Europa kunne måle seg med. At Europas største villreinstamme heldt til her var sjølvsagt svært viktig. At Hardangervidda òg husa ei svært variert og rik flora og fauna var òg tillagt stor vekt. Landskapstrekka på dette store fjellplatået var særmerkte og utgjorde kanskje krona på verket?

Villreinområda i Noreg er delt inn i 24 område, der Hardangervidda er det største. Villrein er sårbar for uroing, og dette er noko av grunnen til at stamma ikkje nyttar så store område som den gjorde før. Om du ser villrein når du er på tur må du trekke deg varsamt tilbake utan å uroe.
Villreinområda i Noreg er delt inn i 24 område, der Hardangervidda er det største. Villrein er sårbar for uroing, og dette er noko av grunnen til at stamma ikkje nyttar så store område som den gjorde før. Om du ser villrein når du er på tur må du trekke deg varsamt tilbake utan å uroe. Foto: Even Knutsen ©.

Bruk og vern

Landskapet på vidda har utvikla seg gjennom mange istider. Det som lever her oppe i dag har kome til etter den siste istida, dei siste 10 000 - 12 000 åra. Det er mange kulturminne her oppe, som vitnar om at menneske har gjort seg nytte av naturgodene i fleire tusen år. Ferdslevegar over vidda dokumenterer omfattande handel og samkvem mellom aust og vest i landet vårt.

I vår tid har bygdefolket kring vidda i stor grad nytta desse fjellområda mellom anna til jakt og fiske. Dette er gamle rettar som ikkje vart endra ved vernevedtaket. Det vart bestemt at nasjonalparken ikkje berre skulle bli verna, men òg bli brukt som før, på tradisjonelt vis. Det har opp gjennom åra vore mange diskusjonar om korleis ein skal tolke dette, ikkje minst når gamle bruksformer endrar seg og nye bruksformer kjem til.

Fjellområda kring Hårteigen var lenge det tradisjonelle kalvingsområdet for reinsdyrstamma på Hardangervidda. På 1990-talet endra dette seg, og reinen tok til å kalve i Telemark i staden. Kvifor dette endra seg er det ingen som veit sikkert, men vi kan ikkje sjå vekk ifrå at menneske si ferdsle i fjellet kan vere ein medverkande faktor.
Fjellområda kring Hårteigen var lenge det tradisjonelle kalvingsområdet for reinsdyrstamma på Hardangervidda. På 1990-talet endra dette seg, og reinen tok til å kalve i Telemark i staden. Kvifor dette endra seg er det ingen som veit sikkert, men vi kan ikkje sjå vekk ifrå at menneske si ferdsle i fjellet kan vere ein medverkande faktor. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Stein Byrkjeland.

Dyrelivet i stor endring

Reinsdyrstamma er i dag langt mindre enn i tidlegare tider. Den er likevel framleis den største villreinstamma i Europa.

Det er ikkje sikkert det vil vere slik i framtida. Dagens bruk av vidda påverkar reinsdyra si naturlege vandring, og hindrar tilgang til viktige beiteområde for vidda. Dette påverkar dyra sin kondisjon, og stamma er òg truga av fleire alvorlege sjukdomar. For å bøte på dette, kan det bli aktuelt med å redusere dyretalet endå meir dei næraste åra, i alle fall som eit mellombels tiltak.

Mykje av det andre fugle- og dyrelivet på vidda har òg endra seg i stor grad dei siste 40 åra. Det er naturleg at naturen endrar seg over tid, men svært mange av artane på Hardangervidda har negativ bestandsutvikling, og få har positiv. I nokre tilfelle, der ein meiner å kjenne hovudårsakene til utviklinga, er det sett i verk tiltak for om mogleg å betre på situasjonen. I andre tilfelle kjenner ein ikkje årsakene til den negative utviklinga godt nok til å kunne setje i gang gode nok tiltak.

Heller ikkje på Hardangervidda ligg det ei gryte med gull ved enden av regnbogen, men vidda er eit skattkammer i naturfagleg forstand. Parti frå Bakkatjørnane i Nore og Uvdal kommune.
Heller ikkje på Hardangervidda ligg det ei gryte med gull ved enden av regnbogen, men vidda er eit skattkammer i naturfagleg forstand. Parti frå Bakkatjørnane i Nore og Uvdal kommune. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Gry Walle.

Jubileumskonferanse i september

Dette og mykje anna vil det bli sett fokus på i ein stor jubileumskonferanse som er planlagt i Eidfjord 8.-9. september i år. Denne konferansen er eit samarbeid mellom statsforvaltarane i dei tre fylka kring vidda, Norsk Natursenter Hardanger og Eidfjord kommune, med midlar frå Miljødirektoratet.

I september er det òg planar om familiearrangement og fisketur på vidda dagane etter konferansen. Ein føresetnad er sjølvsagt at smittesituasjonen gjer det mogleg å avvikle eit slikt arrangement til den tid. Program og invitasjon til deltaking vert sendt ut så snart dette er klart.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.