Gratulerer med 30-årsdagen, Stølsheimen!

Foto: Stølsheimen verneområdestyre.

Fylkesmannen i Vestland gratulerer Stølsheimen landskapsvernområde med sine første 30 år! Det varierte landskapet strekk seg frå fjord til fjell, og er eit ynda turområde for mange.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2020

Det var eit vakkert stykke vestlandsnatur som vart verna ved Kronprinsregenten sin resolusjon den 21. desember 1990. Området strekk seg frå Sognefjorden og kommunane Høyanger og Vik i nord og sørover til Vaksdal, Modalen og Voss. 

Historisk sus

Namnet Stølsheimen viser til dei mange stølane, og fortel ei historie om bruk av landskapet lenge før vernet kom. I hundrevis av år har bøndene tatt med seg husdyr frå heimebøane og langs bratte og svingete stølsvegar til sommarbeite og stølsdrift i fjellet. Den siste stølen vart nedlagt så seint som i 1972. Denne bruken har skapt det landskapet og kulturminna vi i dag set så stor pris på.

Foto: Stølsheimen verneområdestyre.

Forvaltning

Etter vernevedtaket i statsråd vart forvaltninga av landskapsvernområdet delt tvers av fylkesgrensa mellom Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og dei to embeta samarbeida godt i lag om området.

Stølsheimen verneområdestyre vart oppretta i 2011 og jobbar no vidare for å sikre verneverdiane for framtida. Verneområdestyret er politisk oppnemnt, og eit sekretariat på to personar med kontorplass i Aurland jobbar med både Stølsheimen og Nærøyfjord-området. 

Foto: Stølsheimen verneområdestyre.

Vil du lære meir om historia til Stølsheimen? 

heimesida til verneområdestyret kan du no lære om den meir enn 30 år lange historia. Det er Nils Kvamme, ein av dei som kjenner både landskapet og historia i Stølsheimen best, som delar av kunnskapen sin. 

I anledning 30 års jubileet inviterer verneområdestyret til fotokonkurranse. Bli med! 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.