Forvaltningsplanane for naturreservata Breisete og Rodeholene i Sogndal er godkjende

gamle og krokete furutre.
Gamal furuskog i Rodeholene naturreservat. Foto: Tom Dybwad / Statsforvaltaren i Vestland.

Statsforvaltaren sender med dette ut dei godkjende forvaltningsplanane. 

Publisert 31.05.2023

Breisete naturreservat og Rodeholene naturreservat vart båe oppretta ved kgl.res. 22. juni 2018 gjennom frivillig skogvern. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt for dei to naturreservata.

Statsforvaltaren sender med dette ut dei godkjende forvaltningsplanane for Breisete naturreservat og for Rodeholene naturreservat. Planane vart sende på høyring 14.12.2022 med frist 15.03.2023 for å kome med fråsegn.

Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel

Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanar blir utarbeidde innanfor rammene i gjeldande verneforskrift. Dei skal også fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området på bakgrunn av verneforskrifta som gjeld i områda. Verneforskrift og grenser er såleis ikkje tema ved utarbeiding av forvaltningsplanar.

Store allmenne interesser og store naturverdiar

Det er store allmenne interesser knytte til dei to naturreservata, samstundes som det er store naturverdiar i området. Spesielle utfordringar er at det gjennom Rodeholene naturreservat går ei kraftlinje og ein grusveg, og for Breisete naturreservat at det omkransar Breisetevatnet som er drikkevasskjelde for Sogndal kommune.

Kunnskapsgrunnlaget i dei to naturreservata er godt gjennom undersøkingane som vart gjennomført i løpet av verneprosessen. I tillegg vart det gjort nye undersøkingar i Breisete naturreservat i 2021.

Høyringsfråsegner

Det kom tre fråsegner til framlegga, frå Forsvarsbygg, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og frå bruksrettshavarar på Vassløysa og Vatnasete i Breisete naturreservat.

Innspela er tekne omsyn til så langt det har late seg gjere i medhald av verneforskriftene. Nokre feil er retta opp, og forvaltningsplanane er oppdaterte, m.a. når det gjeld bruk av el-sykkel (som er tillate på grusvegen til TV-masta på Storehaugfjellet, men ikkje andre stader i dei to naturreservata). Innhaldet i forvaltningsplanane er elles ikkje endra før godkjenning.

Bilete av gamle furuer
Gamal furuskog i Breisete naturreservat. Foto: Tom Dybwad / Statsforvaltaren i Vestland.

Rådgivande utval

Det er ikkje kome innspel om at det er ønskjeleg å opprette eit rådgjevande utval for dei to naturreservata. Statsforvaltaren ser det difor ikkje som aktuelt å opprette eit rådgjevande utval no, men det kan takast opp seinare ved behov eller ønskje om det.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.