Endeleg utgreiingsprogram for Sognefjorden

Fritidsbåt på fjorden med folk som tek bilete og ein spekkhoggarfinne som bryt vassoverflata
Spekkhoggar på besøk i Sognefjorden ein vinterdag. Ei fast familiegruppe har besøkt fjorden dei siste åra. Marine pattedyr er omtalt i faggrunnlaget då Nærøyfjord-området vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Foto: Tore Larsen.

Utgreiingsprogrammet skal liggje til grunn for den marine verneprosessen og sikrar både involvering og kunnskapsproduksjon dei neste åra fram mot vernevedtak. Det er no fastsett av Miljødirektoratet, og vi sender med dette ut det endelege dokumentet. 

Publisert 21.12.2023

Statsforvaltaren i Vestland fekk, i brev frå Miljødirektoratet datert 10. januar 2022, i oppdrag å starte arbeidet med marint vern for kandidatområdet Sognefjorden. Kandidatområdet Sognefjorden dekkjer eit areal på meir enn 250 km², og utløyser såleis krav om konsekvensutgreiing av vernet. Ved oppstartsmeldinga låg difor eit utkast til utgreiingsprogram.

Vi fekk tilbakemeldingar på utkastet til utgreiingsprogram gjennom oppstartsmeldinga, og tilpassa programmet etter innspela. Vi sendar med dette ut det endelege utgreiingsprogrammet. Dokumentet sikrar at vi legg til rette for både involvering og kunnskapsproduksjon i løpet av verneprosessen, sjå heile dokumentet som vedlegg til høgre i denne nettartikkelen. Utgreiingsprogrammet ligg mellom anna til grunn for arbeidet med konsekvensutgreiinga, som no er i gang og skal halde fram i 2024. 

Utgreiingsprogrammet låg ute på høyring frå vi sendte oppstartsmeldinga for marint vern den 8. desember 2022 til siste innspel kom inn den 3. mai 2023. Sidan Miljødirektoratet er ansvarleg myndigheit, jamfør § 16 i forskrift for konsekvensutredning, vart utgreiingsprogrammet sendt frå oss til Miljødirektoratet den 20. september 2023 for fagleg godkjenning.

Miljødirektoratet har i brev datert 30. november 2023 fastsett programmet. Sjå meir informasjon også om Sognefjorden kandidatområde for marint vern i høgrefana. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.