Eggdonasjon på Herdla

Dette tjeldparet har funne seg til rette på Herdla utanfor Bergen. Tjeld trivst i opne strandenger  område nær kystområde med tidevatn fordi dei treng muslinger, skjell, snegl og makk i dietten sin. På biletet kan du sjå gylleslangen som blir brukt for å spreie gylle, og takka være såkalla "vipe-diskar"  kan egg og reir få vern frå søl.
Dette tjeldparet har funne seg til rette på Herdla utanfor Bergen. Tjeld trivst i opne strandenger område nær kystområde med tidevatn fordi dei treng muslinger, skjell, snegl og makk i dietten sin. På biletet kan du sjå gylleslangen som blir brukt for å spreie gylle, og takka være såkalla "vipe-diskar" kan egg og reir få vern frå søl. Foto: Terje Haugland.

Det er hekketid og sjølv i eit fuglereservat vil fuglane kunne møte vanskelege utfordringar. Dette er historia om ein mann og ein fugl, som fekk lukkeleg utgang. For begge.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.05.2021

Mange naturinteresserte på Vestlandet har merka seg namnet Terje Haugland. Han er politipensjonist frå Askøy, som sidan 2003 har vore tilsett i Statens naturoppsyn (SNO) på særvilkår. I 2016 fylte han 70 år og måtte gje seg med det òg. Men han er framleis full av verketrong, og Statsforvaltaren nyttar ham stundom når skjøtsel eller anna skal gjerast i verneområda våre.

Gjødselspreiing på Herdla

Fredag 7. mai var Terje ute på eit slikt oppdrag i Herdla naturreservat. I dag hekkar det omkring 30 par viper i dette reservatet, men nokre av reira ligg utsett til når marka skal gjødslast. Denne dagen skulle gardbrukaren på Herdla Gård spreie gylle på markene. Det er stor fare for at egga vert knust når gylleslangen vert dregen over marka, og egga kan òg bli svært tilgrisa av gylla. Difor har vi gått til innkjøp av nokre «vipediskar» – kurva plater av aluminium som kan leggast over reira medan gyllinga skjer. Det tidlegare naturoppsynet var til stades for å hjelpe bonden med dette.

Det er hekkande viper, ein art som er vurdert til å være kritisk truga i Noreg, som er hovudgrunnen til tiltaket. Bonden oppdaga òg eit reir med tjeld som hadde eitt egg, og dei to ville sikre tjeldreiret på same viset. Terje registrerte at fuglane såg rimeleg forundra ut medan dei leitte etter reiret, som no var skjult av disken. Samstundes såg han at den eine fuglen hadde fargeringar om føtene. Han tok nokre bilete av denne fuglen for å dokumentere farge og teiknkode.

Det viser seg at fuglen var ringmerkt i Nederland, der den nok har vore på vinteropphald. Artig, sjølvsagt, men eigentleg ikkje så veldig spesielt.

Om du ser nøye etter kan du sjå egget som tjelden prøvar å halde att. Egget falt tilslutt ut, men ikkje i reiret! Det tidlegare naturoppsynet Terje Haugland drog tilbake etter å ha oppdaga det bortkomne egget på bileta sine. Han fann egget og fekk lagt det på plass i reiret.
Om du ser nøye etter kan du sjå egget som tjelden prøvar å halde att. Egget falt tilslutt ut, men ikkje i reiret! Det tidlegare naturoppsynet Terje Haugland drog tilbake etter å ha oppdaga det bortkomne egget på bileta sine. Han fann egget og fekk lagt det på plass i reiret. Foto: Terje Haugland.

Verpeklar tjeld

Spesielt vart det likevel då Terje dagen etter sjekka nokre av bileta nærare. Det viste seg nemleg at eit egg som var klart til å bli lagt, var synleg! Dette gjorde Terje sterkt uroleg, for fuglen hadde jo ikkje hatt høve til å leggje dette egget i reiret ettersom det hadde vore mellombels dekt av metallplata. Andre bilete viste at egget faktisk vart lagt rett på bakken der og då.

Seint på laurdagen drog difor Terje attende til Herdla. Han fann fram til den same staden det biletet var teke, noko som er godt gjort på ei fulldyrka flate der alt ser likt ut. Der fann han egget på bakken, 20 meter frå reiret. Han plukka opp egget og la det på plass i reiret. 

Fuglar flest legg eitt egg kvar dag inntil kullet er fullt. Dagen etter hadde tjelden lagt endå eit egg i reiret. Med tre egg er kullet fullt, og ruginga kan ta til. Om kråke, måse eller ein laushund ikkje oppdagar reiret, kan dette gå heilt fint. Terje kjem nok til å følgje med om 26-27 dagar, som er vanleg rugetid for ein tjeld.

Det har vore mykje snakk om eggdonasjon den siste tida, og dette må vel kunne seiast å være ein spesiell variant av slikt. Eggdonasjon vart lovleg i Noreg frå siste årsskifte. Dermed har Terje handla i fullt samsvar med lova, noko som er sjølvsagt for ein tidlegare politimann! 

Det tidlegare naturoppsynet Terje Haugland tek framleis oppdrag i samarbeid med den lokale bonden for å sikre dei sårbare hekkande fuglane på Herdla. Takka være god fotoanalyse og stor grad av stadkjensle fekk han redda eit egg og lagt det trygt tilbake hos mor tjeld.
Det tidlegare naturoppsynet Terje Haugland tek framleis oppdrag i samarbeid med den lokale bonden for å sikre dei sårbare hekkande fuglane på Herdla. Takka være god fotoanalyse og stor grad av stadkjensle fekk han redda eit egg og lagt det trygt tilbake hos mor tjeld. Foto: Terje Haugland.

Ta omsyn til hekkande fugl

Våren er ei sårbar tid for fugl. Naturmangfaldlova seier at Ved enhver aktivitet skal unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi unngås. Likeledes skal unødig jaging av viltlevende dyr unngås. Er du på tur med hund, må du passe på å halde hunden i band. Følg stiar og tilrettelagte turveger, og les informasjon der det er tilgjengeleg.

På Herdla er det lagt godt til rette for at du kan sjå og høyre fugl på avstand, slik at du får ei fin naturoppleving og fuglane får ro til å oppdra nye generasjonar med fjærkledde innbyggjarar. God tur! 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.