Brannpatriotar i Sveio

Restane etter ein brent furu ligg mellom oppveksande vegetasjon. Mange insekt treng brannpåvirka område for å leve. Brannen i 1992 i Sveio førte til store endringar i landskapet, og no er vegetasjonen på god veg tilbake.
Restane etter ein brent furu ligg mellom oppveksande vegetasjon. Mange insekt treng brannpåvirka område for å leve. Brannen i 1992 i Sveio førte til store endringar i landskapet, og no er vegetasjonen på god veg tilbake. Foto: Bjørn Moe.

Den store brannen i Sveio i 1992 førte til store endringar i landskapsbiletet. Korleis kjem naturen gradvis attende etter ein slik stor brann? Forskarane har vore ute for å dokumentere, og rapporten er no tilgjengeleg. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.04.2021

Mange som bur i Sveio hugsar enno kva som skjedde 2. juni 1992. Då rasa ein stor skogbrann nord i kommunen, og sterk vind gjorde at brannen spreidde seg og var svært krevjande å sløkkje.

Vi oppretta Hopsfjellet naturreservat etter brannen

Hopsfjellet naturreservat i Sveio vart oppretta 5. juni 1998, etter at 1630 dekar med furuskog hadde vore utsett for den omfattande skogbrannen seks år tidlegare. På oppdrag frå Statsforvaltaren har botanikarar følgt med på vegetasjonsutviklinga etter brannen. Ein ny rapport viser tilstanden i området etter 28 år (sjå lenkje til høgre).

Unikt høve til å dokumentere utviklinga

Forskarar ved Universitetet i Bergen såg raskt at her hadde ein eit sjeldsynt høve til å dokumentere kor kjapt naturen tek seg opp at etter ei slik hending, og kva artar som vert dominerande i ulike stadium av suksesjonen. Med dette som føremål vart området verna i 1998, under namnet Hopsfjellet naturreservat.

I underkant av tjue fastruter vart etablerte for å følgje utviklinga av vegetasjonen i området. Desse vart undersøkt årleg i perioden 1992-1999. Desse fastrutene vart òg undersøkt i 2008 og 2020. 

Smågranar veks opp her og der i naturreservatet. Dei kan fortrenge stadeigne artar og uroe den naturlege utviklinga i området. Difor har Statens naturoppsyn som oppdrag å fjerne gran i Hopsfjellet.
Smågranar veks opp her og der i naturreservatet. Dei kan fortrenge stadeigne artar og uroe den naturlege utviklinga i området. Difor har Statens naturoppsyn som oppdrag å fjerne gran i Hopsfjellet. Foto: Statens naturoppsyn/ Ragni Nordås.

Brannintensiteten for 28 år sidan påverker framleis etableringa av vegetasjon

Vi ser at ny skog er i ferd med å vekse fram, dominert av furu og bjørk, og det er stor skilnad på skogen no samanlikna med for 12 år sidan. Det er òg stor skilnad korleis ulike deler av reservatet utviklar seg, noko som i stor grad skuldast måten brannen fór fram i området. Nokre stader er prega av kronebrann, andre stader brann òg stammene, og stadvis var det i hovudsak lyng som brann.

Mosar har ikkje røter, og kan difor ikkje overleve ein slik brann som var ved Hopsfjellet. Difor tok det ei tid før mosar på ny etablerte seg i området, men dette har no teke seg godt opp. Ikkje uventa dreier det seg om ganske vanlege artar. Ein forventa at det ville ta lenger tid før lav vart godt representert, og nettopp dette ser vi ved Hopsfjellet.

Høgvaksen røsslyng i nytt utbreiingsmønster

Karplantar har røter, og nokre av dei har røter som går langt ned i jorda. Bregnen einstape er ein slik art. Denne har vore sterkt framtredande i området etter brannen. Den er framleis godt representert, men ikkje i same grad som i 2008. Det same gjeld røsslyng. Denne arten var svært dominerande i 2008, og lyngen var fleire stader mest mannshøg! Røsslyng er framleis ein karakterart ved Hopsfjellet og vil òg vere det framover, men dekningsgraden er langt mindre no enn for 12 år sidan.

Røsslyngen er på god vekst tilbake i dei brente områda i Hopsfjellet. Nokre stader er røsslyngen like høgt som eit menneske! Mange pollinerande insekt samlar nektar frå røsslyng.
Røsslyngen er på god vekst tilbake i dei brente områda i Hopsfjellet. Nokre stader er røsslyngen like høgt som eit menneske! Mange pollinerande insekt samlar nektar frå røsslyng. Foto: Bjørn Moe.

Naturleg fenomen

Skogbrann er eit naturleg fenomen, og er faktisk ein viktig måte for naturen å fornye seg. Men ettersom slike brannar ofte vert sett på som trugsmål mot verdiar og verdiskaping, set vi ofte inn store ressursar på å avgrense dei og slokke dei raskt. Det prøvde ein òg i Sveio. Då brannen vart stogga etter halvtanna døgn med heftig innsats, var likevel så mykje som 1600 dekar naturskog av furu svidd av.

Det finst to slike «brannreservat» i Noreg. Hopsfjellet naturreservat er altså eitt av dei. Vi kjem til å følgje vegetasjonsutviklinga her framover, og har òg ambisjon om å lage eit nytt brannkart no og samanlikne dette med eit som vart laga ved hjelp av flybilde i 1992.

Mange insekt er særleg avhengig av brann- og brannpåverka skog i livssyklusen sin. Difor er Hopsfjellet eit viktig frimerke i eit større landskapsbilete for å ta vare på sjeldant, truga og sårbart biologisk mangfald. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.