Aurland og Fjaler har fått nye naturreservat

På fredag vart 28 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland fylke, i kommunane Aurland og Fjaler. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern så viktig, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.11.2020

Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Norge. Til no er om lag fem prosent av skogen verna nasjonalt, og i Vestland fylke er talet om lag tre prosent. Geitanosi naturreservat i Aurland og Ospehaug naturreservat i Fjaler er to skritt nærmare målet. Dei to utgjer til saman 12 803 dekar. Dei to naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern, og er resultat av eit godt samarbeid mellom grunneigarar, AT Skog og Staten. 

Frivillig skogvern

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den aktuelle framgangsmåten for å verne om viktig naturmangfald i skog. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar som tilbyr staten område for vern. For staten er det viktig at området inneheld viktige miljøverdiar. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaka som no er godkjente i statsråd er begge resultat av at grunneigarane har tilbode staten frivillig vern av skogen. Les meir om frivillig skogvern på heimesidene våre. 

Geitanosi naturreservat i Aurland

Geitanosi naturreservat ligg i Nærøyfjorden landskapsvernområde i Aurland kommune. Skogen er nasjonalt viktig og består av rik edellauvskog med alm-lindeskog, gamal boreal lauvskog, bekkekløfter og fosseeng. Området inkluderer fleire trua naturtypar og det er også registrert trua og sjeldne artar. Potensialet for å finne fleire raudlista artar er stort.

Geitanosi ligg i Nærøyfjorden landskapsvernområde og omfattar gnr./bnr. 58/1 og 58/2 i Aurland kommune. Området er 12 229 dekar stort.

Ospehaug naturreservat i Fjaler 

Ospehaug naturreservat ligg i Fjaler kommune i Sunnfjord. Skogen i naturreservatet har kvalitetar knytt til eldre oseanisk furuskog. At området har høgare bonitetar, er lokalisert i låglandet (under 100 m.o.h.) og er knytt til vatn og våtmark gjev området gode vernekvalitetar. Ospehaug naturreservat har fleire trua og sjeldne artar registrert. Verneområdet ligg på gnr./bnr 107/3, og er 574 dekar stort. 

Kart over dei to områda finn du til høgre.

Kvifor vern av skog?

Om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Endring eller øydelegging av areal er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskeleg å verne skogområda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby tiltak og aktivitetar som kan skade verneverdiane i naturreservatet. 

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.