40-års jubileum for Herdla naturreservat

I dag, 11. juni 2020, er det 40 år sidan Herdlevalen blei verna. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.06.2020

I første omgang var vernet midlertidig, men 28. juni 1985 blei området permanent verna og Herdla naturreservat vart oppretta. 

Reservatet blei først og fremst oppretta på grunn av den viktige funksjonen området har for fuglelivet.

Ved Herdla finn du grunne marine område, jordbruksland, strandeng, dammar, våtmark, og staden er omkransa av fleire øyar. Denne mosaikken tiltrekkjer seg eit høgt tal fugl til alle årstider, og Herdla naturreservat har i lang tid vore rekna som ein av dei aller viktigaste lokalitetane for fuglelivet i gamle Hordaland fylke. Som overvintringslokalitet for sjøfugl og rasteplass for trekkande vadefugl er Herdla utan tvil det aller viktigaste.

Herdla er eit særs attraktivt utfartsområde, og mesteparten av arealet i verneområdet er fulldyrka areal. Over tid har staten brukt store ressursar på å leggje til rette for at publikum kan vitje reservatet, og også forbetre viktige fuglebiotopar her. Tiltaka har hatt god verknad.

Vi gratulerer til alle som er glad i dette området!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.