Villreinområdet på Hardangervidda og i Nordfjella har dårleg tilstand

Det er samansette faktorar som bidreg til at begge dei nasjonale villreinområda i Vestland blir klassifisert som dårlege i den nyleg framlagte rapporten. Nedbygging av natur og menneskjeleg aktivitet i villreinen sine leveområde er to av årsakane.
Det er samansette faktorar som bidreg til at begge dei nasjonale villreinområda i Vestland blir klassifisert som dårlege i den nyleg framlagte rapporten. Nedbygging av natur og menneskjeleg aktivitet i villreinen sine leveområde er to av årsakane. Foto: Even Knutsen.

Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for villreinen. Kvalitetsnormen for villrein skal sikre at dyra har gode leveområde, men ein fersk rapport slår fast at begge dei nasjonale villreinområda i fylket har dårleg tilstand. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.04.2022

Kvalitetsnormen skal sikre gode levekår for villreinen

Klassifiseringa etter kvalitetsnormen for villrein vart lagt fram av Miljødirektoratet denne veka. Arbeidet er utført av ei uavhengig nasjonal ekspertgruppe oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Kvalitetsnormen er delt i tre delnormer:

1. Bestandsforhold

2. Lavbeite

3. Leveområde og menneskeleg påverknad

Det er fleire årsaker til at villreinområda får låg kvalitet i vurderinga. Ei årsak er nedbygging av natur og uro frå menneskjeleg aktivitet. Du kan lese meir her om rapporten frå Miljødirektoratet.

Fire villreinområde får middels klassifisering og seks villreinområde får dårleg klassifisering. No er det fire år til ny rapport om kvalitetsnormen blir lagt fram, og arbeidet framover vil fokusere på å forbetre statusen som leveområda for villreinen har. Kart utabeidd av NINA.
Fire villreinområde får middels klassifisering og seks villreinområde får dårleg klassifisering. No er det fire år til ny rapport om kvalitetsnormen blir lagt fram, og arbeidet framover vil fokusere på å forbetre statusen som leveområda for villreinen har. Kart utabeidd av NINA.

Ingen nasjonale villreinområde i landet har god tilstand

Av dei ti nasjonale villreinområda er det ingen som har fått god tilstand. Fire område har fått middels tilstand og seks område har fått dårleg tilstand. Av dei områda som har areal i Vestland er både Nordfjella villreinområde og Hardangervidda villreinområde av dårleg tilstand etter klassifiseringa.

Hardangervidda får dårleg tilstand på kalvevekter, tal eldre bukk per simle, helsestatus (CWD) og funksjonell arealutnytting (bruken av området). Totalt blir derfor kvalitetsnormen for Hardangervidda ikkje godkjent.

Nordfjella får dårleg tilstand på tal eldre bukk. Dette er skulda nedskyting av bukk grunna skrantesjuka (CWD). Villreinen i Nordfjella har også dårleg helsestatus (også grunna CWD) og området er dårleg utnytta i sesongtrekk og bruk av delområde.

Ny evaluering om fire år

Vegen vidare blir å undersøke dei enkelte villreinområda med mål om å endre tilstanden frå dårleg tilstand til middels og god tilstand. Ved revisjon av klassifiseringa etter fire år vil vi vite om det går rett veg.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.