No treng vi hjelpa di til å stoppe spreiinga av hamnespy

Informasjonsplakat for å hindre spreiing av hamnespy
Informasjonsplakat for å hindre spreiing av hamnespy Foto: Miljødirektoratet.

Det viktigaste er å sjekke båt og utstyr jamnleg. Miljødirektoratet tilrår å smørje båten med anti-fouling-maling før du set den ut. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.04.2022

Det nærmar seg påske og mange skal ut på båttur. Statsforvaltaren ønsker å informere folk med båt om å vere merksam på ein mogleg spreiingstrussel av havnespy knytta til slik aktivitet.

Hamnespy er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotn, og fortrengjer andre artar. Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar.

Sjølv om kartlegging er i gang, så har vi ikkje full kontroll på alle områder denne arten finst per i dag og alle bør vere ekstra på vakt og sjekke sine båtar som har lege lenge i hamna før dei drar på tur. Vi viser her til allmenn aktsomheitsplikt i forskrift om framande organismar §18.

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.