Kommunane kan no søkje om støtte til kommunedelplan for naturmangfald

Kommunane har ei avgjerande rolle i å forvalte naturen på ein god måte og slik bidra til å stoppe tapet av naturmangfald. No kan kommunane søkje om tilskot for å utarbeide ein eigen kommunedelplan for naturmangfald. Søknadsfristen er 1. februar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2021
Måren er ein relativ vanleg art hjå oss. Den er eit utprega skogsdyr, og trivest best i gamal naturprega skog. Det er her den finn størst mangfald av byttedyr, skjul og hiplassar. Skogområde er svært viktig for artsmangfaldet, og omlag 60 prosent av alle artane og flest trua artar har skog som levestad i Noreg.
Måren er ein relativ vanleg art hjå oss. Den er eit utprega skogsdyr, og trivest best i gamal naturprega skog. Det er her den finn størst mangfald av byttedyr, skjul og hiplassar. Skogområde er svært viktig for artsmangfaldet, og omlag 60 prosent av alle artane og flest trua artar har skog som levestad i Noreg. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Ein kommunedelplan for naturmangfald vil vere eit godt verktøy for å få oversikt over naturmangfaldet i kommunen og prioritere arealbruk og tiltak.

Kommunen har ei nøkkelrolle

Arbeidet med kommunedelplanar for naturmangfald er ei oppfølging av Stortingsmelding 14 (2015-2016) Natur for livet - norsk handlingsplan for naturmangfold.

Kommunane er planstyresmakt og forvaltar mange ulike lovar om arealbruk og aktivitetar som kan få store følgjer for lokalt artsmangfald. Difor har kommunen ei nøkkelrolle, og definerer i stor grad sjølv kva dyre- og planteartar som vil ha tilhald i nærmiljøet i framtida.

Kvifor kommunedelplan for naturmangfald?

Ein kommunedelplan for naturmangfald vil gje kommunane kunnskap og oversikt over naturmangfaldet i kommunen og vere eit godt grunnlag for å gjere gode og framtidsretta val for arealbruk og utbyggingstiltak.

Planen vil i seg sjølv ikkje gje auka plikter når det gjeld omsyn til overordna nasjonale eller regionale miljøinteresser. Norske kommunar er allereie forplikta til å ta slike omsyn.

Med kommundelpan for naturmangfald, kan arealforvaltninga gjerast meir føreseieleg, og plan- og byggjesaksprosessar vil kunne gå raskare.

Søknadsfrist 1. februar

Staten har oppretta ei tilskotsordning til kommunar som ønskjer å setje i gong arbeid med å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Søknadsfristen er 1. februar og informasjon om tilskotsordninga er tilgjengelege i det elektroniske søknadssenteret til Miljødirektoratet.

Blomsterbukk. Insekt er den mest varierte og talrike artsgruppa globalt og lokalt. Veldig mange artar har ei svært viktig rolle som pollinator.
Blomsterbukk. Insekt er den mest varierte og talrike artsgruppa globalt og lokalt. Veldig mange artar har ei svært viktig rolle som pollinator. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Arealendringar trugar natur

Våren 2019 presenterte Det internasjonale Naturpanelet IPES ein tilstandsrapport for naturen på jorda og resultata var dramatiske og har fått mykje medieomtale. Over ein million artar står i fare for å bli utrydda, 75 prosent av landarealet er vesentleg endra av menneske og over 85 prosent av våtmarkene er allereie tapt.

I Noreg viste Artsdatabanken i raudlista frå 2015 at over 90 prosent av våre truga artar er truga som følgje av arealendringar, og nedbygging og oppsplitting av natur er den dominerande enkeltårsaka. Norge har forplikta seg til FN sine berekraftmål, som mellom anna seier at ein skal redusere øydelegging av habitat og stanse tap av biologisk mangfald.

Pressa natur òg i Vestland

Internt i fylket er det skilnader i press på areala. Dei mest artsrike og truga naturtypane finn vi i skog og ekstensive kulturmarktypar i låglandet, og samstundes er det nettopp her i låglandet at vi bur og arealpresset er størst. Det meste av verna område i fylket ligg i fjellet. Difor er arealendringar som følgje av vedtak etter plan og bygningslova, skoglova, jordlova eller anna regelverk, høgst relevante for naturmangfaldet i Vestland.

Lokal natur er limet

På mange måtar kan vi sjå for oss at lokale naturområde er limet som bind saman andre naturområde av nasjonal og regional verdi. Ei heilskapleg forvalting der ein identifiserer lokale, regionale og nasjonale naturområde og ser desse i samanheng, er nødvendig om ein skal nå målsetjinga om å ta vare på artar og naturtypar på lang sikt jf. naturmangfaldlova §§ 4 og 5. Ein kommunedelplan vil vere ein god måte å trekke fram slike viktige lokale verdiar.

Kommunen må ha ei landskapsøkologisk tilnærming i arbeidet med naturmangfald og tenkje funksjon for dei artane og den naturen som er viktig å ta vare på. Korridorar og samanhengar mellom leveområde, buffersoner rundt viktige naturtypar og artsrike område er døme på dette. Korridorane vil i praksis fungere som "grøne bruer" som bind saman dei ulike naturområda i kommunen.

I område med mykje inngrep kan dei attverande lommene med natur fungera som isolerte øyer i landskapet. Her vil dyr og planter ha mindre mobilitet og redusert overleving på sikt. Det er dirfor viktig å unngå fragmentering av naturområda og sørgje for at areala heng mest mogleg saman. Børøy og Siggjo i Bømlo kommune.
I område med mykje inngrep kan dei attverande lommene med natur fungera som isolerte øyer i landskapet. Her vil dyr og planter ha mindre mobilitet og redusert overleving på sikt. Det er dirfor viktig å unngå fragmentering av naturområda og sørgje for at areala heng mest mogleg saman. Børøy og Siggjo i Bømlo kommune. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Organisering av arbeidet

Planen skal ta utgangspunkt i lokale tilhøve og utfordringar. Kommunen må difor sjølv vurdere kva som er prioriterte mål, oppgåve og ambisjonsnivå for planarbeidet. 

Det er viktig at planarbeidet er godt forankra både politisk og i administrativ leiing i kommunen. Planarbeidet må òg vere godt kjent blant organisasjonar og interessentar i kommunen. Miljødirektoratet anbefaler at planen vert utarbeidd som kommunedelplan etter plan- og bygningslova. Det vil sikre medverknad og at planen vert vedteken politisk.

Rettleiar

Miljødirektoratet har publisert ein eigen rettleiar for kommunar som ønskjer å utarbeide ein kommunedelplan. Rettleiaren omhandlar både innhald, erfaringar og organisering av planarbeidet.Vi hos Statsforvaltaren ønskjer også å stø arbeidet med rettleiing og anbefalingar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.