Kartlegging av naturtypar i Vestland 2022

Gammal, furudominert naturskog er ein aktuell naturtype for kartlegging.
Gammal, furudominert naturskog er ein aktuell naturtype for kartlegging. Foto: Olav Overvoll.

Sommaren og hausten 2022 blir det gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Askøy, Bergen, Stord, Bømlo og Øygarden kommunar. Kartlegginga er del av ei nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.05.2022

Kvifor kartlegg vi naturtypar?

Målet med kartlegginga er å få på plass god, kartfesta informasjon om naturen til bruk i mellom anna arealforvalting. Stadfesta informasjon om natur som er tilgjengeleg tidleg i ein arealplanprosess, vil gjere det lettare å ta omsyn til naturen. I tillegg kan det bidra til meir effektivitet og føreseielegheit i planprosessen. Kartlegginga kan òg vere nyttig for grunneigarar som ønskjer å søke om tilskot til tiltak for truga natur og kulturlandskapet.

Kva skal kartleggast?

Kartlegginga skjer etter NiN-systemet (Natur i Norge), eit standardisert system for kartlegging av natur i Norge. Miljødirektoratet har vurdert 111 naturtypar som særleg viktige for naturmangfaldet og som derfor skal kartleggast. Dei fleste av desse er raudlista i Norge, medan andre er viktige leveområde for truga og nær truga artar.

Statsforvaltaren har på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2022. Forslaga følgjer i grove trekk innspel Statforvaltaren har fått inn frå kommunane. Det er lagt vekt på område med stort utbyggingspress og område der ein trur det kan finnast truga eller særleg viktige naturtypar. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Statsforvaltaren som grunnlag for prioritering av område for kartlegging. 

Kartlegging i Vestland i 2022

Det skal kartleggast område i fem kommunar i Vestland i 2022 (sjå lenke til kart i høgremenyen). Resultata frå kartlegginga vil etter kvart bli allment tilgjengelege i Naturbase våren 2023.  

1. Askøy kommune

  • Ein stor del av sørlege og austlege Askøy

2. Bergen kommune

  • Åsane: Nordvest for ei linje mellom Selvik og Ervika sør for Breistein
  • Eit større område rundt Fyllingsdalen, inkl. Håkonshella, Bønes, Fjøsanger, Solheim og Laksevåg

3. Bømlo kommune (berre rekartlegging av regnskog)

  • Bømlo sørvest
  • Mosterhamn-området

4. Stord kommune

  • Eit område mellom Dyvikevågen og Ådlandsvatnet (nytt område)
  • Søre Huglo (rekartlegging av regnskog og kalkskog)
  • Eit område frå Digerneset til nedre Kyvik (rekartlegging av regnskog)

5. Øygarden kommune

  • Sotra sør: «Fastlandet» sør og aust for Kørelen

Ferdsel på innmark

All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i tråd med friluftslova sine reglar om ferdsel og god ferdselskultur.

Der det skal undersøkast område på innmark, til dømes beitemark eller gammal slåttemark, vil det vere behov for ferdsel på innmark. Om det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, eller du ikkje gir samtykke til ferdsel på di innmark eller av uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren før kartlegginga startar (ca. 1. juni).

Kartlegging i verneområde

Delar av nokre verneområde blir kartlagt i 2022:

  • Drægnismorki-Yttrismorki naturreservat, Luster kommune
  • Delar av Møkrisdalen landskapsvernområde, Luster kommune
  • Delar av Nordheimsdalen naturreservat, Aurland kommune
  • Området Lægdene - Skomakarnipa i Nærøyfjorden landskapsvernområde, Aurland kommune

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.