Har du sett eller høyrt hubro?

Hubro kan ein ved gode forhold høyre over lange avstandar og er du heldig kan du sjå han i siluett som her.
Hubro kan ein ved gode forhold høyre over lange avstandar og er du heldig kan du sjå han i siluett som her. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Statsforvaltaren ønskjer tips om hubro i Vestland. Arten er sterkt truga, og betre kunnskap er viktig for ta vare på arten.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.02.2021

No syng hubroen

Hubro er blant verdens største ugler, flyg heilt lydlaust og er eit stort ”spøkelse” av ein rovfugl. Den er mest nattaktiv, og sjølv erfarne biologar ser sjeldan hubro.

Best sjanse til å oppleve hubroen har du no i februar og mars. Då syng hubroen normalt like etter solnedgang og soloppgang (høyr forskjell på songen til hubro og kattugle til høgre på sida). Det gjer den både for å markere territoriet og som ein del av parbindinga mellom makane.

Sterkt truga

Kraftliner, arealinngrep og forstyrringar på reirplassen er dei viktigaste årsakene til at hubroen er lista som sterkt truga i Noreg. Å finne ut kor hubroen held til er derfor avgjerande for å ta vare på hubroen i framtida. Betre kunnskapsgrunnlag kan òg gje meir føreseieleg arealforvalting i nærområda, ettersom ein då allereie kjenner betre til kor den har tilhald.

På landsbasis er hubrobestanden estimert til drygt 1000 hekkande par. I Vestland vurderer vi bestanden til mellom 70-100 hekkande par, og med eit tyngdepunkt i søndre delar av fylket. 

Statsforvaltaren treng tips om hubro for betre å ta vare på den i framtida. 

Hubroungane er svært sårbare for forstyrringar. Det er derfor viktig å ikkje oppsøke hekkeplassar til hubro i perioden februar-august, då den kan gje opp hekking eller reirplassen. Biletet er teke ved kontrollerte tilhøve ved reirkontroll.
Hubroungane er svært sårbare for forstyrringar. Det er derfor viktig å ikkje oppsøke hekkeplassar til hubro i perioden februar-august, då den kan gje opp hekking eller reirplassen. Biletet er teke ved kontrollerte tilhøve ved reirkontroll. Foto: Magnus Johan Steinsvåg ©.

Treng meir kunnskap

Det er utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for hubro, og Statsforvaltaren har ei viktig rolle med kartlegging og koordinering av tiltak.

Norsk Ornitologisk Foreining har òg gjennomført ein del kartlegging av hubro, men fordi den er så vanskeleg å finne, treng vi endå meir informasjon. Vi ønskjer derfor tips frå deg om du har høyrt eller sett hubro i Vestland!

Gamle registreringar er òg aktuelle. Hubroen kan bruke same reirplass i fleire tusen år om den får vere i fred. Funn av døde hubroar kan òg gje oss nytting informasjon om trugsmål og gje grunnlag for tiltak.

Rapporter hubro!

Det er fleire måtar de kan tipse oss på. Du kan sende tips direkte til sakshandsamar hjå Statsforvaltaren på e-post eller telefon, eller rapportere på internett gjennom Artsdatabanken sine nettsider (artsobservasjoner.no). Fordi hubroen er ein sterkt truga og sårbar art, er opplysningar om hekkeførekomst til hubro ikkje offentlege og vil bli automatisk skjult for ålementa. Du kan vere trygg på at dine opplysningar vil verte handsama fortruleg.

Vi får ofte inn meldingar om hubro som viser seg å vere kattugle. Kattugla er langt vanlegare og har gjerne tilhald nærmare bustadområde. Følg gjerne lenkja til høgre på sida for å høyre dei ulike lydane før du rapporterer.

Kontaktinformasjon
Vestland sør, Hordaland: Magnus Johan Steinsvåg
Vestland nord, Sogn og Fjordane: Tore Larsen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.