Vaksinering av almetre i Indre Sogn

fjordspegl med fjellside med tre der nokre tre er daude
Almesjuka er eit trugsmål mot alm, og vart påvist første gong i Sogn i 2023. Biletet er frå Arnafjorden, der ein kan sjå daude tre i lia mot fjorden. Foto: Halvor Røssum.

Almesjuke har tatt livet av almetre i Europa i stort omfang. No har sjukdomen kome til Sogn, og utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet. Har du eit almetre som fortener å bli vaksinert?

Publisert 28.04.2026

Kva er almesjuke?

Almesjuke er ein soppsjukdom som blir spreidd av ei lita barkbille (almesplintborar) som berre lever på alm. Sjukdomen spreier seg sakte, men hadde likevel fått ganske stor utbreiing da den blei oppdaga i Indre Sogn i 2024. 

At den tydelegvis har vore her ei stund utan å bli oppdaga, skuldast nok at daud og skrantande alm allereie lenge har vore eit vanleg syn i Sogn på grunn av mye hjortegnag på trea. Det er likevel klårt at spreiinga har gått raskare enn forventa, og ei viktig forklaring på det er truleg flytting av infisert vyrke etter vedhogst. I artiklane til høgre, under Lenkjer, kan du lese artiklane vi har publisert om almesjuka tidlegare. 

Det er krevjande å bekjempe almesjuka på Vestlandet

På Austlandet og nedover mot Sørlandet, der almesjuka allereie har vore i fleire tiår, har ein avgrensa spreiinga noko ved å fjerne smitta tre og brenne dei eller fjerne borken, slik at larvane til billa som spreier soppen frå tre til tre, ikkje kan overleve. Men slike tiltak er vanskelege å gjennomføre mange stader på Vestlandet, der alm veks i brattlendte lier.

Vaksinering er ein metode å prøve for å spare nokre tre mens sjuka herjar

I Nederland er det utvikla ein vaksine mot almesjuke, og denne vil Statsforvaltaren i Vestland prøve ut i Indre Sogn denne våren. Vaksinen hindrar sjukdomen i å utvikle seg, og på den måten kan ein berge enkelte tre som forhåpentleg kan bli ståande att og spre nye frø i lauvskogsliene etter at sjukdomen har herja.

Tanken er å vaksinere store enkelttre som kan produsere mange frø og som står plassert slik at frøa kan spreie seg over eit størst mogleg omland. Vi vil fokusere på naturreservata som er oppretta for å ta vare på den varmekjære edellauvskogen, men det er såpass få av desse at det også bør vaksinerast almetre mellom reservata.

Har du eit almetre som du trur kan eigne seg for vaksinering?

Det bør vere ganske store tre som står litt oppe i lia, og som kan bli ståande der i mange år framover. Vi har avgrensa med vaksine, så det kan berre bli vaksinert relativt få almetre. Merk at vaksineringa må gjerast på ny kvar vår så lenge sjukdomen herjar. 

Almetre i kommunane Vik og Sogndal kan meldast inn til Tore Larsen (90 84 69 42, tore.larsen@statsforvalteren.no), mens tre i Luster og Aurland kan meldast inn til Marte Meland (90 18 79 57, marte.meland@luster.kommune.no).

Dersom du har fleire almetre, kan du sende ein SMS eller ein epost med gards- og bruksnummeret ditt, så kan vi, i felt, leite opp eit passande tre som tilfredsstiller kriteria våre. Om du har eit spesielt tre i tankane, kan du eventuelt sende eit skjermbilete av eit kart der treet er markert. Det er vanskeleg å forklare plasseringa av tre på telefonen, så det er fint om vi kan få informasjonen tilsendt.

Våren er vaksinetid

Vaksineringa vil skje i løpet av dei neste vekene, når trea har begynt å få litt lauv. Bladsettinga skjer litt ulikt frå stad til stad, så vi kan dessverre ikkje gi nokon dato for vaksineringa. Men vi vil melde tilbake med kart og bilete alle tre som er vaksinerte hos kvar enkelt, og merke trea på ein forsiktig måte.

Informer om funn 

Vi ber elles kommunar og enkeltpersonar følgje med i sine nærområde og registrere sjuke og daude tre på NIBIO (Norsk institutt  for bioøkonomi) si nettside www.skogskader.no. Legg helst ved bilete (t.d. av visne blad/daude greiner eller tverrsnitt av kvistar med ring) slik at forskarane kan kvalitetssikre innkomne data. Dersom almesjuke ikkje er påvist i nærområdet tidlegare, bør ein få stadfesta mistanken ved at ein prøve blir sendt til NIBIO.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.