Foreslår inngripande tiltak for å ta vare på villreinen i Nordfjella

villrein og kvit snø
Bakteppet for arbeidet med tiltaksplan er alvorleg. Villreinen er på raudlista over trua dyreartar i Noreg. Tiltaka som er føreslått går i grove trekk ut på å redusere den menneskelege påverknaden slik at villreinen får betre plass, meir ro og kan oppretthalde trekk mellom viktige beite- og kalvingsområde. Foto: Anders Mossing / Anders Mossing.

I november i fjor fekk vi i oppdrag å lage tiltaksplan for villreinen i Nordfjella. No er oppdraget utført og vi sender forslaget til tiltaksplan til Miljødirektoratet.

Publisert 01.12.2023

Alvorleg bakteppe

Bakteppet for arbeidet med tiltaksplan er alvorleg. Villreinen er på raudlista over trua dyreartar i Noreg, og seks av ti nasjonale villreinområde er klassifisert med dårleg status. Nordfjella er blant desse, og tiltaksplanen er eit ledd i arbeidet med å få betre levevilkår og godkjent status for villreinen som held til i Nordfjella.

Breitt samansett prosjektgruppe

Vi har fått god hjelp i dette arbeidet. Først og fremst frå Norsk villreinsenter på Skinnarbu som har vore sekretariat og uvurderleg ressurs på det villreinfaglege. Vi har og hatt ei breitt samansett prosjektgruppe og fleire faggrupper som har bidrege med kunnskap og idear. Totalt har ein stad mellom 40 og 50 fagpersonar vore involvert i arbeidet som no har leia fram til ein tiltaksplan.

Vi foreslår inngripande tiltak for å ta vare på villreinen

Tiltaka som er føreslått i planen går i grove trekk ut på å redusere den menneskelege påverknaden slik at villreinen får betre plass, meir ro og kan oppretthalde trekk mellom viktige beite- og kalvingsområde. Dei tiltaka som er føreslått grip inn i aktivitetar som friluftsferdsel, kraftproduksjon, samferdsle og motorferdsel. Slike tiltak kan få konsekvensar for ulike interesser, men det må vi som samfunn godta og akseptere om vi skal ta vare på villreinen for framtida.

Forslaget til tiltaksplan vert no sendt til Miljødirektoratet

Tiltaksplanen vert no sendt til Miljødirektoratet. Seinare vil dei sende både denne og den andre tiltaksplanane vidare til Klima- og Miljødepartementet som igjen skal jobbe med å gjere planane om til ny politikk og konkret handling. Tiltaksplanane vil truleg kome på offentleg høyring i løpet av 2024.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.