Bli ein lupinjeger!

Lupinar utgjer eit trugsmål mot naturmangfaldet der den får spreie seg fritt. Den er vakker, men den fortrenger andre stadlege artar som til dømes prestekrage, tjøreblom og blåklokke. Bli ein lupinjeger og fjern lupinane i ditt lokalmiljø!
Lupinar utgjer eit trugsmål mot naturmangfaldet der den får spreie seg fritt. Den er vakker, men den fortrenger andre stadlege artar som til dømes prestekrage, tjøreblom og blåklokke. Bli ein lupinjeger og fjern lupinane i ditt lokalmiljø! Foto: Torbjørn Rørvik.

Desse vakre blomstrane er framande artar og overtek plassen til den naturlege og mangfaldige vegkantfloraen. Bidra til å ta vare på både blomstrar og insekt i vestlandsnaturen og fjern desse på din veg. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.06.2022

Lupinen utgjer eit stort trugsmål mot naturmangfaldet

Spreiing av framande artar er på verdsbasis rekna for å vere eit av dei største trugsmåla mot naturmangfaldet.

Hagelupin er vurdert av Artsdatabanken til å ha "svært høg økologisk risiko på grunn av eit stort invasjonspotensial og store negative økologiske effektar knytt til nitrogenfiksering/eutrofiering og fortrengning". Med andre ord: lupinen er eit stort trugsmål mot naturmangfaldet langs vegkantar, elvebredder, i eng og li. 

Blomstrane langs vegkantane blir fortrengt

Import av prydplantar til hagar og parkar har lang tradisjon i landet vårt. Dei fleste prydplantane er ikkje tilpassa vårt klima og jordsmonn, og spreier seg sjeldan utanfor hagegjerdet. Men nokre gonger vert framande artar invaderande, spreier seg ut i naturen og utkonkurrerer artar som finst her naturleg. Dette gjeld ikkje berre plantar, men også andre organismar som følgjer med som «blindpassasjerar» ved planteimport.

Når ein klypper vegkantane er det viktig å starte tidleg nok. Då rekker ikkje lupinane å setje blomster eller utvikle frø. Her ser vi at det er klypt gras rundt lupinane, truleg fordi dei er fine å sjå på? Hugs å klypp lupinane først neste gong, slik kan vi ta vare på den naturlege vegkantfloraen.
Når ein klypper vegkantane er det viktig å starte tidleg nok. Då rekker ikkje lupinane å setje blomster eller utvikle frø. Her ser vi at det er klypt gras rundt lupinane, truleg fordi dei er fine å sjå på? Hugs å klypp lupinane først neste gong, slik kan vi ta vare på den naturlege vegkantfloraen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland /Maria Knagenhjelm.

Etablering og spreiing av framande artar som lupin går ikkje berre ut over plantar og naturtypar som høyrer naturleg heime hos oss, men påverkar også insekt og andre dyr som er avhengige av det lokale plantelivet. Lupinen endrar jordsmonnet og gjer det meir næringsrikt, så det viktigaste tiltaket er å hindre spreiing. 

Spesialist-insekta treng spesialist-mat

Tidleg på sommaren er det flest generalist-insekt som flyr rundt og pollinerar. Då er det mykje mat tilgjengeleg, som til dømes hestehov, seljeblomster og krokus, og dei humlene som har kort tunge har mykje å velje mellom. Seinare på sommaren ser vi fleire humleartar med lang tunge, dei er tilpassa blomstrar med lange kronrøyr. Mange pollinerande insekt er spesialistar på berre ein blomst, og viss den blir borte, så fell livsgrunnlaget til insektet bort. Der lupinane har teke over finst difor ikkje mat til mangfaldet av insekt som spesialiserer seg. Lupinane er også giftige for t.d. humler, og desse små giftmengdene bidreg til å redusere talet nye humler. 

Ville pollinerande insekt er blant naturmangfaldet som er truga, og i dag er ein av tre bieartar (humler er faktisk bier!) på den norske raudlista. 

Ville pollinerande insekt, som denne humla, har ofte spesialisert seg på enkelte artar der dei hentar pollen og nektar. Lupinar fortrenger dei stadeigne artane som insekta treng, og sjølv om ein ofte kan sjå mange humler på lupinane er det ikkje bra mat for humler. Dei produserer ikkje nektar og er lett giftige for humlene, slik at resultatet er mindre bol og færre nye humledronninger. Humla på biletet har sett seg ut ei revebjelle å besøke.
Ville pollinerande insekt, som denne humla, har ofte spesialisert seg på enkelte artar der dei hentar pollen og nektar. Lupinar fortrenger dei stadeigne artane som insekta treng, og sjølv om ein ofte kan sjå mange humler på lupinane er det ikkje bra mat for humler. Dei produserer ikkje nektar og er lett giftige for humlene, slik at resultatet er mindre bol og færre nye humledronninger. Humla på biletet har sett seg ut ei revebjelle å besøke. Foto: Maria Knagenhjelm.

Masseforflytning må gjerast på rett måte

Når framande artar først har begynt å etablere seg, viser det seg at anleggsarbeid har vore ein effektiv spreiingsmåte. Når jordmassar vert flytta frå ein stad til ein annan, kan framande og skadelege artar spreiast til nye område. Ofte er det nok med berre nokre frø eller stengelbitar, og derfor har også kantslått av vegar ført til spreiing.

Både hageeigarar, planteutsal og entreprenørar kan gjere ein viktig innsats for å forhindre at framande og skadelege artar spreier seg til nye stader. Har du lupinar i hagen din, kan du gjere mykje ved å knipe av blomstrane før dei rekk å setje frø. 

Kast lupinar og andre risikoartar i bosdunken

Kast aldri hageavfall i naturen – og heller ikkje langs veg, friområde eller «skrotemark» der framande artar kan få rotfeste og spreie seg vidare. Kast heller slikt i bosdunken. Renovasjonsselskapa som tek i mot organisk avfall har som regel god nok handsaming av materialet til at lupinfrøa blir omdanna til ufarleg organisk materiale. Høyr gjerne med ditt renovasjonsselskap, det er som regel god informasjon på nettsidene deira. 

Bli ein lupinjeger! Slå ned lupinane før dei set frø. Ver varsam med hageavfall. Ta gjerne kontakt med kommunen om du oppdager hagelupinar i lokalmiljøet eller registrer funna på artsobservasjoner. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.