Kunngjering av nytt løyve til akvakulturanlegg i Bremanger kommune

NorForsk AS og Fjord Miljø AS har 16. mai 2023 fått løyve etter forureiningslova til utslepp frå produksjon av matfisk av laksefisk på lokaliteten Isane.

Publisert 24.05.2023

Lokaliteten skal nyttast til forskingsprosjekt, og verksemdene har søkt om biomasseauke i samband med dette. Statsforvaltaren har gjeve løyve til utviding frå 780 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB) opp til 2680 tonn MTB. På grunnlag av ny kunnskap om naturmangfald ved lokaliteten er løyve til ein større produksjon gjort mellombels fram til og med 2025, og det er sett krav til overvaking av sårbar natur. 

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Utsleppsløyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.