Kunngjering av nye løyve til akvakulturanlegg i Solund

Statsforvaltaren gav den 29. desember 2023 mellombelse løyve etter forureiningslova til fire nye akvakulturanlegg i Lågøyfjorden i Solund.

Publisert 04.01.2024

Løyva er gitt til

  • Engesund Fiskeoppdrett AS, for lokalitet Lyngholmane. Samdrift med Aller Aqua Norway AS.
  • Eide Fjordbruk AS, for lokalitet Saltskår.
  • Nekst AS, for lokalitet Nye Saltskår. Samdrift med Firda Sjøfarmer AS.
  • Firda Sjøfarmer AS, for lokalitet Ospa.

Løyva er gitt mellombels for seks år. Løyva etter forureiningslova er ikkje gyldige før Vestland fylkeskommune har gitt løyve etter akvakulturlova.

Vår vurdering

I fråsegna vår til Vestland fylkeskommune har vi peika på at omsynet til viktige naturverdiar som hubro og anna fugl, korall- og svampsamfunn og friluftslivskvalitetane i Lågøyfjorden tilseier ei føre-var-tilnærming til store endringar. Vår klare tilråding er at fylkeskommunen vurderer nøye om det er miljømessig forsvarleg om alle dei fire anlegga kan etablerast samstundes. 

Fråsegna vår til fylkeskommunen, vedtaksbrev med vurdering av kvar sak og dei enkelte løyvdokumenta ligg til høgre på denne sida.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaka innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.