Kunngjering av løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygging av Stad skipstunnel

Dagens hovudlei og alternativ lei ved stor sjø forbi Stadlandet, og ny hovudlei gjennom Stad skipstunnel. Stad skipstunnel skal gå mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune.

Statsforvaltaren gav den 30. august 2023 løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygging av Stad skipstunnel. Løyve er gitt til Kystverket. 

Publisert 07.09.2023

For å betre tryggleiken og evna til å ta seg fram for sjøtransport forbi Stad skal Kystverket byggje ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Løyvet gir vilkår for utføring av anleggsarbeida. Vilkåra er sett slik at fare for forureining og fare for negativ påverknad på fisk og anna marint biologisk liv vert redusert til akseptabel risiko.

Kva utgjer størst fare for forureining og negativ påverknad og korleis er det regulert?

Det er fleire ulike forureiningskjelder frå anleggsarbeidet som kan ha ein potensiell negativ påverknad på naturmiljøet. Dette inkluderer partikkelspreiing i sjø, undervasstøy, pH, nitrogensambindingar og utslepp av organiske miljøgifter slik som diesel- og oljesøl.

Verksemda skal etablere reinseløysningar og avbøtande tiltak for å redusere utslepp av partiklar, partikkelbunden forureining og olje slik at det ikkje fører til skade eller ulempe for miljøet.  Statsforvaltaren har sett utsleppsgrenser for suspendert stoff, pH og olje.

Suspendert stoff og pH skal overvakast kontinuerleg med alarmsystem som varslar ved overskridingar av grenseverdiar. 

Driving av tunnelen skal verte gjort på ein måte som minimerer spreiing av forureining og skal gjennomførast så skånsamt som mogeleg. Ved driving av dei ytste 30 meterane av tunnelen mot Moldefjorden og Kjødepollen skal det utførast støyreduserande tiltak for å redusere negativ påverknad på det marine naturmangfaldet. Av omsyn til gyte- og oppvekstperiode for torsk nær tiltaksområde skal sprenginga av dei ytste 30 meterane av tunnelen i Kjødepollen ikkje skje i perioden frå 1. februar til 15. juni. 

Informasjon

Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Det er også lagt inn andre relevante dokument/rapportar tilhøyrande søknaden.  

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2022/6077.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.