Kunngjering av løyve til Oddvar Flatebø Maskinutleie AS

Oddvar Flatebø Maskinuleie AS har fått løyve etter forureiningslova til mottak av brukt asfalt på industriområdet på Tongane i Etne kommune på gards- og bruksnummer 32/191.

Publisert 20.03.2024

Offentleg innsyn

Lenke til løyvedokumenta finn du på høgre sida på denne nettsida.

Merknader til søknaden

Alle som miljøulemper frå aktiviteten særleg vil gjelde for, eller andre som tek i vare ålmenne interesser her som saka gjeld, kan klage på vedtaket eller vilkår til løyvet. Ein eventuell klage bør innehalde ei skriftleg grunngjeving og kva de ønskjer å endre. I tillegg skal andre opplysningar som kan ha noko å seie for saka, kome fram. Klagefristen er tre veker frå denne kunngjeringa. Ein eventuell klage skal adresserast til Miljødirektoratet og sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 20.4.2024.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.