Kunngjering av løyve til anleggsarbeid - oppgradering av E16 Lærdalstunnelen - Statens vegvesen

Statsforvaltaren i Vestland gav 14. oktober 2025 løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid knytt til oppgradering av E16 Lærdalstunnelen. Anleggsarbeida er forventa å starte opp i vår/sumar 2026, og ein reknar med at sprengingsarbeida vil ta ca. 2 år.
Oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen skal syte for at tunnelen møter krava i tunnelsikkerheitsforskrifta, og samstundes dekkje eit oppsamla behov for vedlikehald etter over 20 års drift. Generelt skal alt teknisk utstyr i tunnelen skiftast ut og erstattast med moderne løysingar i tråd med dagens krav.
Statsforvaltar har gjeve løyve etter forureiningslova med vilkår for utføring av anleggsarbeida. Anleggsvatn/drivevatn frå sprenging av tunnel skal reinsas i reinseanlegg med utslepp til Lærdalselvi og Aurlandselvi.
Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2024/18470.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35