Kunngjering – Løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Kinn kommune

Langøylaks AS, Austevoll Melaks AS og Troland Lakseoppdrett AS fekk 26.02.2021  løyve etter forureiningslova til å etablere eit nytt matfiskanlegg på lokaliteten Bleket.

                                                         

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2021

Verksemdene har fått løyve til forureining frå ein produksjon på inntil 3120 tonn maksimal tillaten biomasse (MTB). Løyva er gitt mellombels og med vilkår om overvaking av sårbart naturmangfald, fordi det manglar kunnskap om kva verknader anlegget kan få på nærliggjande korallførekomstar.

Statsforvaltaren har handsama søknaden etter forureiningslova, og vi vurdert han etter naturvern-, friluftslivs-, vilt-, lakse- og innlandsfiskinteresser og naturmangfaldlova. Løyvet er ikkje gyldig før Vestland fylkesommune har gitt løyve etter akvakutlurlova.

Brev med vurdering av saka og løyvedokumenta finn du til høgre på sida. Løyva vert òg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no.

 

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som enten kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.